Fryktar for framtida til Runde

Folk på fugleøya Runde er svært uroa for framtida til både fugleøya og dermed også reiselivet dersom det vert bygd ein stor vindmøllepark til havs nord for Runde. Dette området er viktig for ein allereie fallande fuglebestand seier ornitolog Alv Ottar Folkestad. Om fuglane ikkje lenger kjem til øya er det også kroken på døra for reiselivet seier dagleg leiar for Goksøyr Camping, Knut Asle Goksøyr (bildet) til NRK.

Knut Asle Goksøyr
Foto: Arne Flatin / NRK