NRK Meny
Normal

Planar om nytt tinghus kan bli skrinlagt

Sorenskrivar Svein Eikrem i Romsdals tingrett er skuffa over at det ikkje er sett av midlar til eit nytt tinghus i statsbudsjettet.

Molde tinghus slik det kan bli

Sorenskrivar Svein Eikrem har lenge ønska eit nytt tinghus i Molde. Foto/redigering: Roar Strøm.

Eit nytt tinghus i Molde har vore prioritert fyrst av Domstoladministrasjonen i ei årerekke. Tomta i Molde sentrum har vore byggeklar sidan 2012 og ligg berre å ventar på byggestart.

Det einaste som manglar er eit politisk vedtak om løyvingar til prosjektet, noko dei tilsette hadde håpa skulle kome i neste års statsbudsjett.

– Vi er sjølvsagt skuffa over at det ikkje er sett av midlar til det nye tinghuset, i alle fall sidan arbeidet med nytt tinghus har heldt på i nærare 20 år og prosjektet har vore byggeklart sidan 2012, seier Eikrem.

Kan bli skrinlagt

Eikrem seier at dei no må vurdere andre alternativ.

Svein Eikrem

Sorenskrivar Svein Eikrem i Romsdals tingrett fryktar det ser mørkt ut for eit nytt tinghus i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi må stelle oss til om det er ein politisk vilje eller ikkje til å gjennomføre dette prosjektet, seier han.

– Kan det bety at det ikkje blir noko nytt tinghus?

– Ja, vi reknar med at dersom det ikkje kjem bevillingar dette året så blir prosjektet skrinlagt, seier Eikrem.

Sorenskrivaren seier at dei no er avhengig av at andre opposisjonspartia er villige til å kjempe for midlar til eit nytt tinghus i Molde. Han meiner at behovet for eit nytt tinghus er tydeleg.

– Det har vore ei kjent sak i ei årerekke. Vi har for lite rettssalar, tryggleikssituasjonen er alvorleg, vi manglar mange spesialrom og forhold som ikkje oppfyller dagens krav, seier Eikrem.