Hopp til innhold

Fryktar for flytryggleiken og kastar ut sjukepleiaren

Sjukepleiarar får ikkje lenger vere med i ambulansehelikopter i Møre og Romsdal. Norsk luftambulanse meiner det er tryggare utan dei.

Solveig Kjerstad Vågnes, plasstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund

Plasstillitsvald Solveig Kjerstad Vågnes er kritisk til at helikoptersjukepleiaren skal bort.

Foto: Remi Sagen / NRK

Luftambulansen i Ålesund er den einaste i landet som har eit mannskap på fire om bord i helikopteret når dei skal frakte sjuke pasientar. Resten av landet har tre. I Ålesund er ein anestesisjukepleiar også ein del av crewet, i tillegg til pilot, redningsmann og lege. Dette går utover flytryggleiken, meiner Norsk Luftambulanse.

Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal Torstein Hole.

Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal Torstein Hole.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag har Helse Møre og Romsdal bestemt at dei endrar bemanninga, frå fire til tre.

– Vi aksepterer at vi ikkje har kompetanse til å vurdere flytryggleiken. Det er det Norsk Luftambulanse som har, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal Torstein Hole.

Han innrømmer at det er ei vanskeleg sak, fordi helseføretaket meiner at eit mannskap på fire i helikopteret gir eit fagleg betre tilbod for befolkninga.

Vil ha lik bemanning

Norsk luftambulanse seier at dette handlar om at rollefordelinga om bord skal vere lik over alt, og den blir uklar når Ålesund avvik frå resten av landet. I dag har basen i Ålesund to helikoptertypar og det medfører at personellet i tillegg må ta vakter ved basane i Bergen og Trondheim for å halde seg fagleg oppdatert. Dermed vekslar personellet mellom å jobbe på helikopter med både tre og fire ombord.

– Dette handlar om flytryggleik, seier Leif Olstad som er konstituert administrerende direktøktør.

Norsk luftambulanse hevdar også at redningsmenn søker seg bort frå basen i Ålesund på grunn av denne vekslinga. Dermed står helikoptera att med mindre erfarne personell. Dette går utover flytryggleiken.

Ambulansehelikopter i Ålesund

Det er fire personar om bord i ambulansehelikopteret i Ålesund, medan standarden er tre for resten av landet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kritisk til vedtaket

Plasstillitsvalt for sjukepleiarane, Solveig Kjerstad Vågnes, er kritisk til å fjerne sjukepleiaren frå helikopteret. Ho jobbar sjølv på ambulansehelikopter og saknar dokumentasjon som viser at flytryggleiken er trua. Ho meiner det kan gå utover pasientane at anestesisjukepleiaren forsvinn.

– Vi har timelange turar til Trondheim og Bergen. Vi jobbar sjølvstendig og i team og utfører avansert behandling under transporten, seier Vågnes.

Møre og Romsdal har fødeavdeling på alle fire sjukehusa, og når nyfødde er kritisk sjuke, blir dei frakta i kuvøse i ambulansehelikopter. Ambulansehelikopteret i Ålesund ligg i landstoppen på å frakte nyfødde. Også mange hjartepasientar blir frakta i ambulansehelikopter til Trondheim.

Solveig Kjerstad Vågnes, plasstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund, framfor ambulansehelikopter

Solveig Kjerstad Vågnes er spesielt bekymra for at kuvøseberedskapen kan bli svekka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fryktar for dei nyfødde

Vågnes fryktar at tilbodet til pasientane blir dårlegare utan anestesisjukepleiar om bord og at det blir mindre moglegheit til behandling i helikopteret. Ho er spesielt bekymra for at kuvøseberedskapen kan bli svekka.

– Vi synest det er påfallande at det kan gjerast så store endringar på eit grunnlag som ikkje er dokumentert, seier Vågnes.

Ho er slett ikkje redd for sin eigen jobb.

– Anestesisjukepleiarane har ettertrakta kompetanse og har jobb vidare, så det er først og fremst pasienttryggleiken vi vil sette fokus på, seier Vågnes.

Omlegginga skal skje seinast 1. mars 2021.