Hopp til innhold

Fryktar fleire turistulukker framover

Etter to alvorlege ulukker med turistar involvert, er reiselivssjefen i Rauma no redd for kva turistane kan finne på i Trollstigen. Men ho nektar å setje opp skilt for å åtvare turistane mot naturen.

Denne veka har det vore to alvorlege ulykker i fylket. No er reiselivssjefen i Rauma redd for kva turistane kan finne på i Trollstigen. Men ho nektar å setje opp skilt for å åtvare turistane mot naturen.

Fryktar fleire turistulukker

Rechard Chanicaki

Alt for eit godt bilde. I dette tilfellet står Rechard Chanicaki ufarleg til, men ofte kryssar turistar gjerde og sperringar.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Super, ehm ... Trollstigen!, smiler Rechard Chanicaki – éin av mange turistar i Trollstigen for tida.

Chanicaki er derimot litt rart plassert, med hendene over ein stor stein.

Heile poenget med posituren er å sikre eit bilde der det ser ut som han heng på kanten av eit stup.

Geiranger 26/6-13

Ein 56 år gammal mann omkom torsdag etter ei ulukke i Geiranger.

Foto: www.geiranger.no

Redd for fleire ulukker

Denne veka har det vore to svært alvorlege ulukker med turistar involvert i Møre og Romsdal.

Onsdag blei ei tysk 13 år gammal jente frakta til St. Olavs hospital etter å nesten ha drukna i elva Rauma.

Torsdag denne veka blei utfallet fatalt, då ein 56 år gammal turist kryssa tausperringar i Geiranger og fall i ei brusande elv .

No fryktar turistnæringa fleire ulukker.

Hilde Gråberg Bakke

Hilde Gråberg Bakke fryktar ulukker i Trollstigen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Litt av kvart kan skje

Reiselivssjefen i Rauma, Hilde Gråberg Bakke, er redd for kva turistane kan finne på i dramatiske Trollstigen.

– Med så mykje dramatikk som her i Trollstigen kan litt av kvart skje. Samstundes set vi stor lit til at turistane som besøker oss tek ansvar, seier ho til NRK.

Trollstigen-området er godt innegjerda, men ved fleire høve har det blitt observert turistar langt ute på livsfarlege «utkiksplatå».

– Eg har høyrt historier om folk som har gått frampå kantar. Det er klart vi ikkje kan forhindre sånne ting.

Anna Lopez

Turist Anna Lopez meiner ein berre må vere forsiktig.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ikkje redde

På Trollstigen torsdag prata NRK med fleire tilreisande. Dei frykta ikkje den norske naturen.

– Nei, det er ikkje farleg, det er berre å vere forsiktig. Eg er forsiktig, sa Anna Lopez.

Likevel, naturen i Noreg kan vere livsfarleg. På Trollstigen er der inga skilting som åtvarar mot alle farane.

– Det er alltids eit spørsmål. Vi kan sikkert setje opp både eitt og 10 skilt, men det er eg ikkje tilhengar av, seier Gråberg Bakke.

– Eg er tilhengar av at folk skal få nyte og kjenne sine grenser.

Geiranger ulukkesstad

Her fall ein turist i elva og omkom torsdag. Han kryssa tausperringa.

Foto: MMS-tipsar