Hopp til innhold

Fryktar fleire arbeidsveker

Sju veker ferie er eit populært gode blant norske lærarar. No truar KS med å fjerne ordninga.

Arbeidstida til lærarane er heitt diskusjonstema på alle skular for tida. Kravet frå kommunane sin interesseorganisasjon - KS - om fleire arbeidsveker og vanleg ferie om sommaren, er ikkje populært. Lærarane fryktar for framtida om forslaget vinn fram.

Arbeidstida til lærarane er heitt diskusjonstema på alle skular for tida. Kravet frå kommunane sin interesseorganisasjon KS om fleire arbeidsveker og vanleg ferie om sommaren, er ikkje populært.

I dag har lærarane 39 veker med arbeidstid der kvar veke er 43 timar. Når elevane har ferie, avspaserer lærarane samstundes overtida. No vil KS at lærarane får 45 veker arbeid og berre ordinær ferie på lik linje med andre arbeidstakarar.

Frustrert

Lærarane ved Valderøy ungdomsskule i Giske fryktar for framtida om forslaget vinn fram.

– Det er så frustrerande! No burde ein samla flokk stått opp og fortalt korleis arbeidsdagen vår er. Ikkje fordi vi vil syte, men fordi vi er glade i jobben vår, seier Hildegunn Solberg Nes.

Ho trur forslaget frå KS kjem fordi dei ikkje forstår kor mykje ein lærar må gjere i løpet av ein vanleg arbeidsdag.

– Eg skulle ønskje at fleire hadde følgt oss frå morgon til kanskje 3-tida om natta, seier ho.

Trur fleire vil slutte

Erlend Giskeødegård Holm og er tillitsvald i Utdanningsforbundet ved skulen. Han meiner det er på tide å gje klar beskjed til KS.

– Vi må trø til litt hardare framover, når det er såpass viktig for oss.

Han fryktar flukt frå yrket dersom KS får viljen sin.

– Eg trur færre vil utdanne seg til lærarar, og eg trur at dei som allereie er i skulen kjem til å slutte, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL