Hopp til innhold

Fryktar fjordkryssing blir utsett

Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, fryktar at ferjefri europaveg 39 blir utsett.

Møreaksen

Høge kostnader lenger sør kan gjere at fjordkryssingsprosjekt kan bli utsett, fryktar Kristin Sørheim.

Foto: NRK

Årsaka er at prosjektet blir stadig dyrare, særleg lenger sør på Vestlandet.

– Dette kan også gå ut over dei tre fjordkryssingsprosjekta her i fylket, seier Sørheim til rbnett.no.

Det vil seie at Møreaksen, fjordkryssinga av Halsafjorden og Hafast kan bli skubba fram i tid.

Til avisa seier Sørheim at ho trur både europavegen mellom Betna og Stormyra og europavegen gjennom Romsdalen blir prioriert framfor Møreaksen.

Og årsaka er altså kostnadsauken ved prosjektet med ferjefri europaveg. Særleg er dette knytt til delprosjekt lenger sør i landet, og som kan få stortingspolitikarane til å senke ambisjonane om ein ferjefri europaveg i løpet av 20 år.

– Dårleg uttelling

Kristin Sørheim

Møre og Romsdal har fått dårleg uttelling i Nasjonal Transportplan, meiner leiaren i samferdselsutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Enkelte stader er det ikkje bestemt kvar vegen skal gå, og signal eg har oppfatta kan tyde på at nokon er skeptiske til kostnaden, seier Sørheim til rbnett.no.

Ho meiner Mørebenken, stortingspolitikarane frå vårt fylke, har ein stor jobb å gjere, med å få prosjekt i vår region inn på prioriteringslistene.

– Det er ingen riksvegprosjekt på gang her dei neste ti åra. Vi har fått for dårleg uttelling i Nasjonal Transportplan for 2018-2029, både med tanke på folketal og med tanke på at vi er landets nest største eksportfylke.