Hopp til innhold

Fryktar firefeltsveg i friluftsområde

Dyrka mark og friluftsområde vert nedprioritert i altfor mange vegprosjekt, meiner Naturvernforbundet. På Sunnmøre er friluftsinteresserte sinte for at det kan kome firefelts motorveg ved skiløypene.

Svartløken i Vestnes

I området ved Svartløken kan det kome firefeltsveg og tunnel, for å gjere reisetida mellom Ålesund og Molde kortare.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er kaldt, men for skiløparen som har om lag fem mil med opptrakka løyper nesten heilt for seg sjølv denne formiddagen ved Svartløken, renn sveitten.

Robin Ostnes (37) er langtransportsjåfør og brukar å trene her før han skal køyre den lange turen frå Sunnmøre til Oslo.

– Det er eit unikt løypeområde og ein må langt av garde for å finne liknande, seier Ostnes. Han har aldri forstått folk som engasjerer seg slik i ei sak at dei lenkar seg fast, men no er den sindige sunnmøringen snart der sjølv. Han finn seg ikkje i vegvesenet sitt forslag.

I framtida kan det kome firefeltsveg og tunnel i dette friluftsområdet. Politikarane har bestemt at reiseavstanden mellom Ålesund og Molde må bli kortare, som ein del av noregshistorias største vegprosjekt, ferjefri E39. I dag tar det nesten to timar mellom byane, men med utbygging kan det bli korta ned til ein time og 15 minutt.

Statens vegvesen meiner at den beste måten å gjere reisetida kortare på, er å legge vegen forbi Svartløken.

– Eg ser på dette som ein skandale, seier Ostnes.

Robin Ostnes på ski

Robin Ostnes går ofte på ski i området. Han meiner planen om å legge vegtraseen her, er ein skandale.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Rust opp eksisterande vegar

Naturvernforbundet har engasjert seg i mange vegutbyggingar i heile landet og meiner at det vert brukt altfor mykje pengar på enorme vegprosjekt med store inngrep i naturen.

– Vi burde ha brukt meir pengar på vedlikehald og utbetre dei vegane vi allereie har. Då blir konsekvensen for naturen mindre, seier fagsjef i Naturvernforbundet, Holger Schlaupitz. Han kan ramse opp ei rekkje planlagde utbyggingar som er kontroversielle.

I mange av utbyggingane går trasevala ut over matjord, våtmark som er viktig for fuglelivet og mykje brukte friluftsområde. Schlaupitz ser at det i tillegg til bygging av vegar, kjem det ofte kjøpesenter eller annan verksemd i nærleiken, som også legg beslag på store areal. Han meiner at for alle som er avhengige av å bruke vegane, er det viktigast at vegen er trygg å ferdast på, ikkje at reisevegen er kortast mogleg.

– Vi må ta omsyn til natur, friluft og matjord. Då kan ikkje kortast mogleg reiseveg vere det viktigaste i samferdslepolitikken, seier Schlaupitz.

Holger Schlaupitz

Fagsjef i Naturvernforbundet, Holger Schlaupitz, meiner vegane vi har bør rustast opp, i staden for at det skal byggast nye.

Foto: Naturvernforbundet

Bil er gamaldags

Det er nettopp reduksjon i reisetida som er hovudargumentet for å bygge ferjefri E39. Vegen mellom Kristiansand og Trondheim tar i dag 20 timar med sju fjordkryssingar gjennom seks fylke. Med utbygginga kan den same turen gjerast unna på sju timar.

Byforskar Erling Dokk Holm, ved Høyskolen Kristiania, er kritisk til den storstilte vegutbygginga. Han meiner det er feil å bruke enorme summar på firefeltsvegar som det kanskje ikkje er bruk for i framtida. Ny teknologi kan gjere bilen gamaldags. Det vert arbeidd med sjølvkøyrande bilar og sjølvkøyrande ferjer. Også meir effektiv lufttransport vert det forska på.

– Vi veit ikkje kva ny teknologi som kjem, men vi veit at det er stor usikkerheit. Då bør vi ikkje bygge store vegsystem, men ta ei pause og la tida jobbe, seier Dokk Holm.

Byforskaren er også kritisk til nedbygging av naturen. Han trur verdien av urørt natur er stigande, i ei verd med stadig fleire menneske på jorda.

– Det er mindre urørt natur i Noreg enn nokon gong. Gjennom 200 år har vi systematisk gjort enormt store naturinngrep og mange av desse har det vore brei semje om, men no går ein laus på mange utsette område, seier Dokk Holm. Han meiner vi som lever i dag må forvalte naturressursane med tanke på framtidige generasjonar.

Erling Dokk Holm

Byplanleggar Erling Dokk Holm meiner styresmaktene bør vente med store vegutbyggingar for å sjå kva som kjem av ny teknologi.

Foto: NRK

NRK har vore i kontakt med Samferdselsdepartementet gjentekne gongar utan å få svar på kva dei meiner om kritikken frå Naturvernforbundet og Erling Dokk Holm.

Verna vassdrag

Engasjementet blant folk på Sunnmøre og i Romsdal er stort når vegvesenet held folkemøte om planane for å korte ned reiseavstandane. Som Robin Ostnes er det mange som er fortvilt over at det kan bli bygd firefelts veg og tunnel i friluftsområdet. Varaordførar i Skodje, Geir Ove Leite meiner Svartløken er Sunnmøres svar på Nordmarka.

– Det er heilt utruleg at området som er urørt av og bilar og trafikk, skal bli rasert, seier Leite.

Fullt utbygd har Svartløkenalternativet ein kostnad på 7,9 milliardar kroner. Vegvesenet sitt andre alternativ er å legge traseen på den eksisterande vegen over Ørskogfjellet, men då taper bilistane tre-fire minutt i reisetid. Fleire kommunar går inn for dette alternativet, men ikkje NHO. Næringslivsorganisasjonen meiner det er viktig å kome raskast mogleg fram, utan å måtte køyre over fjell. Dessutan får også alternativet over Ørskogfjellet konsekvensar for urøyvd natur. I denne traseen ligg eit verna vassdrag.

På folkemøte sa prosjektleiar i Statens vegvesen, Kjetil Strand, at dei landa på Svartløken på grunn av reisetida.

– Dette alternativet har størst potensial i å bygge store og robuste bu- og arbeidsmarknader. Å bringe byane nærare saman, seier Strand. Han forstår dei som argumenterer mot å legge traseen i friluftsområdet og meiner det er viktig at alle synspunkt kjem fram no under høyringa.

Folkemøte E39 Skodje

Det har vore stor interesse når Vegvesenet har halde folkemøte om traseval. På Skodje var det fullt hus.

Foto: Trond Vestre / NRK

Neste år blir pulken med

For Robin Ostnes er skituren slutt og han gjer seg klar til å laste den store bilen med varer. Som sjåfør veit han at ofte tel kvart minutt. Likevel synest han ikkje det er verdt å legge veg og tunnel i eit friluftsområde for å spare nokre minutt.

– I den store samanhengen er det berre tre minutt. Det er berre å ta det litt med ro og ikkje stresse så mykje, seier Ostnes.

Sjåføren gler seg til neste vinter. Då er planen å gå på ski med pulk. 27-åringen skal bli pappa og håper at barnet skal få mange gode minner frå skiturar på Svartløken.

– Det er trist dersom han berre skal få høyre om det fine området som ein gang fanst, men som vart øydelagt av vegen, seier Ostnes.

Robin Ostnes på jobb

Robin Ostnes køyrer langtransport, men meiner at i den store samanhengen er tre minutts raskare reisetid, ingenting dersom det betyr at vegen blir lagt i friluftsområdet.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK