Hopp til innhold

Fryktar ferjesommaren

Varaordførar Ivar Betten i Halsa Ap meiner det bør vere muleg å finne ei løysing på ferjesituasjonen på Halsa-Kanestraum. Sterk trafikkauke her og på Molde-Vestnes skaper køar og ventetid, og verst er det om sommaren. Samferdselsdepartementet meiner ei løysing i eitt samband kan skape problem i andre.