Hopp til innhold

Fryktar fagmiljøet blir ramma

Tilsette ved sjukehuset i Kristiansund fryktar at kirurgimiljøet skal forsvinne dersom proteseoperasjonar blir flytta frå Kristiansund til Hjelset.

Planen var å etablere eit dagtilbod ved det planlagte distriktsmedisinske senteret i Kristiansund, men no foreslår fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal å samle alt på Hjelset.

Hovudtillitsvalt Ingunn Krakeli i overlegeforeininga er redd det gjer folk usikre. – Mange kan byrje å sjå seg om etter ny jobb, og den største uroa er at vi mistar fagmiljøet som er bygd opp, seiere Krakeli.

Kristiansund sjukehus
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK