Hopp til innhold

Fryktar eldre skal brenne inne på institusjon

Frykta for at eldre skal brenne inne, gjer at brannsjefen i Stranda no trugar med å stengje fleire institusjonar.

Geiranger omsorgsbustader

Geiranger Omsorgsbustader er ein av institusjonane som brannsjefen no truar med å stengje.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim

Brannsjefen er så uroa over branntryggleiken til pasientane, at han no trugar med å stengje dei tre omsorgsbustadene i kommunen.

– Det verste som kan skje er at folk kan bli røykforgifta eller brenne inne, og i verste fall omkome på slike stader, seier brannsjef Steinar Belsby.

Brannsjef i Stranda, Steinar Belsby.

Brannsjef Steinar Belsby i Stranda fryktar at folk skal brenne inne i institusjonane, og trugar med å stengje.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK
Verst økonomi i landet

Stranda kommune er den kommunen i landet som har dårlegast økonomi, og har fått sterk kritikk mellom anna frå fylkesmannen for å ha hamne i ein situasjon med 890 millionar i gjeld (per. januar 2013)

Les meir:

No kan den dårlege økonomien også ha gått utover tryggleiken til eldre og sjuke på omsorgsbustadene.

– Vi har ikkje behov for å hausse opp saka, men dette er ting vi har sett over tid, og pasientane har ikkje blitt friskare enn før, seier brannsjef Steinar Belsby.

Vurderer å setje hardt mot hardt

Sist veke varsla brannsjefen ifølgje avisa Sunnmøringen formannskapet om at han og brannmeister Inge Teigen i desse dagar har det årlege branntilsynet ved omsorgsbustadene på Stranda, Hellesylt og i Geiranger. Og at dei no vurderer å setje hardt mot hardt.

– Eit fåtal av pasientane er gangføre sjølve, dei som bur på Hellesylt bur i eit tre etasjars høgt bygg med lite mannskap på nattetid. Vi treng tid før vi eventuelt rekk fram, seier brannsjef Steinar Belsby.

Meiner politikarane har gjort lite

Geiranger Omsorgsbustader

Her kan det bli stengde dører dersom brannsjefen ikkje får gehør for krava sine.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

For brannsjefen hevdar dei har meldt frå om avvik fleire gongar dei siste åra, utan at noko særleg har skjedd. Han trur ikkje dei pårørande er klar over situasjonen.

– Dei trur vel at det er trygt, men vi som fagfolk er uroa, difor tek vi igjen opp problemstillinga, seier Belsby.

Vil kople seg opp mot 110-sentralen

Brannsjefen i Stranda veit godt at kommunen har store økonomiske utfordringar, men trur likevel at politikarane vil måtte prioritere investeringar til brannverntiltak. Og at fylkesmannen vil godkjenne det. På kort sikt trur han også det er råd å gjere enkle grep.

– Ikkje alle brannvarslarane våre er kopla mot 110-sentralen i Ålesund i dag. Det er fort gjort å rette på, seier Belsby.

Reknar med fortgang i saka

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) lovar at politikarane no kjem til å handle raskt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) seier at dei økonomiske utfordringane i Stranda har gjort at politikarane ikkje har gjort noko med saka til no.

– Det har rett og slett vore heilt andre ting som har hatt fokus på Stranda dei siste månadene og åra, seier han. No lovar han å umiddelbart gjere det som er nødvendig for at tryggleiken skal vere god nok på institusjonane.

Ordføraren reknar med at politikarane vil behandle saka allereie i formannskapet 22. mai og kommunestyret 29. mai.