Hopp til innhold

Fryktar dårlegare tilbod til pasientane

Dei tilsette fryktar eit dårlegare tilbod til pasientane dersom hudavdelinga ved sjukehuset i Ålesund blir lagt ned. Legane som arbeider på avdelinga har sagt opp, og ingen nye har søkt på stillingane.

Knut Ivar Egset

Knut Ivar Egset, som representerer dei tilsette i styret i Helse Møre og Romsdal, fryktar at dei tilsette får eit dårlegare tilbod dersom hudavdelinga ved sjukehuset i Ålesund blir lagt ned.

Foto: Aina Rødal / NRK

Legane på hudavdelinga ved sjukehuset i Ålesund blir ikkje lenger å finne der, men i det private. Alle som ein har sagt opp stillingane sine, og sjukehuset har førebels ikkje funne nye hudlegar. Dei tilsette protesterer.

– Dette vil bety at mange av pasientane som ligg på sjukehus ikkje vil få det tilsynet og den behandlinga dei har krav på, hevdar Knut Ivar Egset, som representerer dei tillitsvalde i styret for Helse Møre og Romsdal.

Hevdar privatisering svekkjer sjukehusa

Egset hevdar at ei eventuell nedlegging av hudavdelinga er ein villa politikk frå regjeringa. Han meiner vidare at ei privatisering vil svekkje det offentlege helsevesenet, og dermed gå utover pasientane. Han er også uroa for fagmiljøet på sjukehuset.

– Eg er kjemperedd for ei slik utvikling, at dei offentlege sjukehusa blir sterkt svekka og at pasientane ikkje får den behandlinga dei har krav på. Dersom dette held fram, vil vi misse mykje, seier Egset.

Ikkje uroleg over utviklinga

Astrid Eidsvik - Helse Møre og Romsdal

Administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal er ikkje uroleg over situasjonen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Men direktør Astrid Eidsvik er ikkje uroleg over det som no skjer, og ho trur ikkje privatiseringa generelt brer om seg i helsevesenet. Ho seier at behandlinga av hudpasientar no skal gjerast utanfor sjukehuset, og at dei ikkje klarte å rekruttere nye hudlegar.

– Vi har dessverre ikkje lukkast med å rekruttere nye legar. Dette er vanskelege spesialistar å få tak i, sidan den private marknaden er god, seier ho.

Berre ei hudavdeling i helseføretaket

Det kan dermed berre bli igjen ei hudavdeling i Helse Møre og Romsdal, på sjukehuset i Kristiansund. Eidsvik ser ikkje bort frå at denne avdelinga kan bli utvida som følgje av ei nedlegging i Ålesund.

– Dersom vi klarer å rekruttere fleire hudlegar til Kristiansund, vil vi ta imot dei med takk. Vi ser at det er eit stort behov for desse legestillingane, og det er vanskeleg å sjå for seg at vi klarer å serve heile fylket frå Kristiansund, seier Eidsvik.