Hopp til innhold

Fryktar brannkatastrofe til sjøs

Fylkespolitikarane vil kjempe for betre brannberedskap til sjøs i Møre og Romsdal. Om det skulle skje ei ulukke i dag, vil hjelpa vere mange timar unna.

Ein ny risikoanalyse viser at Møre og Romsdal ikkje er budd på ei brannkatastrofe til sjøs.

Fylkesvaraordførar Svein Roseth seier han vil slåss med nebb og klør for at Ålesund få eit ansvar for brannberedskapen til sjøs i Midt-Noreg.

Katastrofesituasjon

Risikoanalysen viser til fleire moglege katastrofesituasjonar - mellom anna dersom eit passasjerskip blir rammet av ein storbrann utanfor Hustadvika eller eit tankskip grunnstøyter slik det skjedde med Arisan utanfor Runde i 1992. To katastrofar som vil kreve ein beredskap der utstyr og mannskap er på plass på kortast mogleg tid og med god kunnskap om korleis situasjonen skal handterast.

Ålesund mot Trondheim 

Ein ny rapport viser at Møre og Romsdal ikkje er budd på ein brannkatastrofe utanfor kysten. Hjelpen må kome frå Bergen eller Larvik, og det vil ta mange timar. For Midt-Noreg er utan den nasjonale, særskilde beredskapen som blir kravd i ein slik situasjon. Kommer den på plass står kampen mellom Trondheim og Ålesund.

Men Trondheim blir og for langt unna, seier Asbjørn Rutgerson frå Tverrpolitisk Liste for Sunnmøre. Han meiner situasjonen er kritisk.

- Den er svært alvorleg og dei sentrale politikarane har ikkje tatt dette på alvor, seier Rutgerson.

- Mørebenken må ta utfordringa

Den kraftige veksten i den maritime virksomheten og i cruisetrafikken taler FOR Ålesund mener både Svein Roseth og Asbjørn Rutgerson. Men motkreftene er sterke. Trondheim har markante talspersoner både på stortinget og i regjeringa. Svein Roseth spiller nå ballen til Mørebenken på Stortinget, og han forventar at dei tek utfordringa.

- Dette skulle vere ein lett sak å samle seg om sidan det ikkje er noko fogderistrid, men full semje om Ålesund i fylkestinget, seier Roseth.