Hans Olav Myklebust frå Framstegspartiet sa til NRK i går at pålegget frå kommunen er hårreisande.
Men teknisk sjef Knut Krøvel-Velle seier gass, grillar og brennbart materiale fører til stor brannfare.
Myklebust seier kommunen har sett grensa til tre meter, så eit pålegg på åtte meter må opp til ny, politisk behandling.
Oppgitt over reglane
Torbjørn Slettedal ved Hjørundfjord camping på Sæbø seier han fekk pålegget frå kommunen for to veker sidan.
Når det skal vere åtte meter klaring i alle retningar mellom kvar campingvogn med tilbygg av tre eller plastmateriale, som også blir omtala som spikertelt, blir han tvungen til å halvere talet på utleigeplassar.
Slettedal seier at dette i verste fall vil føre til at han legg ned campingplassen, for ei så redusert drift vil knapt nok løne seg.