Hopp til innhold

Fryktar at ulv har drepe sauer og lam i Rauma

Sauene til Inger Setnes fekk vere berre to dagar på vårbeite i Isterdalen. Då vart sju dyr drepne og fire andre forsvann.

Drept sau

Thomas Rødstøl i Statens naturoppsyn har flått den døde sauen for å undersøke han.

Foto: Jon Aleksander Setnes

Idyllen rår når saueflokken til Inger Setnes beitar på Veblungsnes i Rauma. Men det er ikkje her dei burde vere på denne tida av året. Normalt går sauene på beite i Isterdalen mellom høge fjell. Det skulle dei også i år, men vårbeitet vart brått avslutta etter berre to dagar. Setnes fann sju drepne sauar og lam, og turte ikkje la resten av sauene vere att.

– Eg fekk litt panikk etter kvart som eg såg døde dyr. Først oppdaga eg eit lite pjusket lam som var dødt. Deretter såg eg at fleire var skadde, fortel Setnes.

Makabert syn

Ho gjekk rundt og leita etter dyra sine og fann etter kvart sju døde sauer og lam. Nokre låg langs elva, andre i vatnet.

– Det var ikkje noko hyggeleg syn. Dei var stygt medfarne, seier sauehaldaren.

Ho hadde til saman 15 vaksne sauer med lam. No er ein tredjedel av dyra hennar borte. I tillegg til dei sju som er døde, er fire sporlaust forsvunne.

Sauene beita i eit innegjerda område, ikkje langt frå eit bustadfelt.

– Eg er kanskje naiv, men eg trudde aldri dette skulle hende meg, seier Setnes.

Det var Åndalsnes avis som først omtalte saka.

Inger Setnes

Inger Setnes turte ikkje anna enn å ta heim resten av dyra sine frå beite.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tyder på ulv

Statens naturoppsyn og kommunens rovviltansvarleg vart kontakta. Teorien var først at det kunne ha vore ein laus hund som drap dyra, men no tyder mykje på at ein ulv står bak.

– Det er ikkje noko som tyder på lause hundar i området, så vi byrjar å helle mot at det er ulv som har vore her ein tur, seier Thomas Rødstøl. Han er rådgjevar i Statens naturoppsyn.

Ulven flyttar seg fort og kan vere lang unna no. Statens naturoppsyn gjer ikkje noko anna enn å følge med på tips om eventuelle nye skader som oppstår.

Sjekkar spor etter sauedrap

Statens naturoppsyn sjekkar spor også.

Foto: Jon Aleksander Setnes

Morlause lam

For Inger Setnes vert det mykje meirarbeid med sauene. Fire lam har mist mora si og fleire av sauene er skadde.

– Dei burde ha vore på beite og kost seg no. I staden går dei her heime, seier Setnes.

Om ikkje lenge skal sauene tilbake på beite. Dersom det var ein ulv som stod bak drapa, er han mest truleg over alle haugar.

– Og dersom det skulle vise seg at det var ein laus hund, håper eg at hundeeigarar rundt om har blitt meir påpasselege, seier saueeigaren.