NRK Meny
Normal

Fryktar at katastrofefilm skal gi folkevandring i fjellet

Geologane som overvaker Åknesremna i Storfjorden er redd for at filmen «Bølgen» skal føre til for mykje folk i fjellet.

Filmscene frå filmen "Bølgen"

Bølgen er landets første katastrofefilm og opna filmfestivalen i Haugesund i helga.

Foto: Fantefilm

Noregs første katastrofefilm, «Bølgen», hadde premiere på filmfestivalen i Haugesund i helga, og fekk gode kritikkar. Filmen har fått mykje merksemd og mange har vore kritisk til filmen, fordi den vil skape frykt.

«Bølgen» er ikkje berre underhaldning, men er basert på kva som skjer når fjellpartiet Åkneset kjem til å rase ut i Storfjorden og skape ei flodbølgje på 80 meter. Raset kan øydelegge Hellesylt og Stranda og kanskje også Geiranger.

For at bebuarane i området skal bli evakuert i tide, er fjellet overvaka døgnet rundt.

LES OGSÅ:

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra er sjefgeolog i NVE. Han er redd for at folk som ser filmen vil opp på fjellet som er overvaka.

Foto: Gunnhild Sætre / NRK

Vil ikkje ha folk i fjellet

Seksjonsleiar i NVE og geolog Lars Harald Blikra er ofte på overvaksingsstaden Ørnereiret. Det ligg på 1000 meters høgde og har landingsplattform for helikopter og mykje avansert utstyr. Blikra er redd for at han no får selskap av fleire som har sett filmen.

– Vi fryktar litt at det skal bli for stor merksemd og mange som vil opp hit på fjellet. Vi vil ha minst mogleg folk her. Der er mykje laust fjell og mange instrument, seier Blikra.

Åkneset

Fjellsprekken i Åknes vert nøye overvaka.

Foto: Gunnhild Sætre / NRK

Små bevegelsar

Overvakingssystemet av Åkneset vart sett i full drift i 2007. Bevegelsane i fjellet vert overvaka med både radar, laser og GPS. Ein 150 meter lang sensor inni fjellet kontrollerer bevegelsar og temperatur.

Kor tid den ekte bølga kjem kan ikkje geologen svare på.

– No er det relativt små bevegelsar i forhold til kva det var tidlegare, men det er på grunn av lågt vassnivå. Dersom vi får ein snørik vinter, kan bevegelsane fort ta seg opp att. I prinsippet er vi budde på at det kan skje når som helst, seier Blikra.

Om det skjer om eit år eller ti år, kan ikkje geologane vite. Så gode kunnskapar har dei ikkje.

I filmen Bølgen går raset no og for kinogjengarar har filmen premiere neste veke.