Hopp til innhold

Geiranger kan miste verdsarvstatusen dersom bøndene sluttar med fjellbeite

– Det har skjedd før at område har mista verdsarvstatusen, seier styreleiaren i Verdsarvrådet Vestnorsk fjordlandskap. Han ber regjeringa gripe inn for å hindre at Geiranger gror igjen.

Geiranger

Verdsarvområdet rundt Geiranger er avhengig av beitedyr for å behalde kulturlandskapet og statusen. 

Foto: Kleiven, Paul / Scanpix

Bonden på Indreeide i Eidsdal i Norddal kommune er i gang med å tømme fjøset. Friske fjellbeite ventar sauane. Men dette er siste gong bonden sender flokken sin inn i verdsarvområdet. Etter 50 år med sau på garden, gir bonden opp. Rovdyrfare og dårleg økonomisk utteljing er grunnen.

– Det er veldig rart. Vi har jo heldt på med sau og småfe her i mange tiår, seier bonde Kjell Narve Indreeide.

Fryktar for verdsarvstatusen

I verdsarvområdet i Geiranger har sau og geiter pleia kulturlandskapet i hundrevis av år.

Kjell Narve Indreeide

Etter 50 år med sau på garden gir bonde Kjell Narve Indreeide opp.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Men området er også regulert for jerv. Bøndene i Eidsdal er fortvilte over jerven, som dei meiner har tatt mykje sau dei siste åra. Nokre har slutta med sau, medan andre planlegg avvikling. I fjor tok jerv 14 av dyra til Indreeide.

– I år reknar eg med eit tap på mellom 20 og 30, seier han.

Kulturlandskapet er ein av grunnane til at Geiranger fekk verdsarvstatusen. Men med færre beitedyr er det fare for at landskapet gror igjen. Arne Sandnes (Sp), styreleiar i Verdsarvrådet Vestnorsk fjordlandskap, fryktar for konsekvensane.

Sau Geiranger

Kjell Narve Indreeide fryktar at jerven vil ta livet at sauer på beite også i år.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Det har skjedd før at område har mista verdsarvstatusen. Det vil kome opp til diskusjon når noko av grunnlaget forsvinn, seier han.

Sandnes meiner at feilslått landbruks- og rovdyrpolitikk har skulda.

– No har vi åtvara om dette i lang tid. Vi taper kampen dersom myndigheitene ikkje handlar no.

Avviser skuldingane

Landbruksminister Jon Georg Dale avviser at det er hans politikk som fører til at bønder no gir opp.

Arne Sandnes

Arne Sandnes fryktar for verdsarvstatusen til Geiranger.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Landbruksavtalen gir ei betydeleg styrking til bøndene i verdsarvområda. Dermed er det meir pengar å bruke i dette området. Men prisane på sau har vore låge på grunn av den overproduksjonen vi har hatt, så eg kan forstå at det gjer noko med motivasjonen til bøndene, seier han.

Jon Georg Dale på synfaring på Lie Gard i Stranda

Landbruksminister Jon Georg Dale avviser at det er hans politikk som fører til at bønder no gir opp.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dale vektlegg at ein er avhengig av å halde oppe produksjonen av dyr i verdsarvområdet.

– Det er viktig både for matproduksjonen, men også for å pleie kulturlandskapet. Eg kan aldri overstyre enkelte bønder sine val. Difor legg vi ressursar i potten for å stimulere bøndene til å gjere ein spesiell innsats i desse områda.

Ikkje nok

Sauer Geiranger

I år er siste året Kjell Narve Indreeide har sauer på beite i Geiranger-

Foto: Gunhild Sætre / NRK

For bonden i Eidsdal er det likevel ikkje nok. Han fekk direkte tap på sauehald i fjor, trass støtteordningar. Når så mange dyr i tillegg forsvinn kvart år, ser Indreeide berre ei løysing. Frå no av overlèt han ansvaret for kulturlandskapet til andre.

– To kroner kiloet for sauekjøt. Det er ei hån mot dei som skal produsere mat og eg vil ikkje vere med på det lenger, seier Indreeide.