NRK Meny
Normal

Fryktar at elevane skal få takstein i hovudet

Elevane ved Bergsøy skule har fått forbod mot å bruke delar av uteområdet, fordi det har ramla ned takstein.

Bergsøy Skule

Borga, den eldste delen på Bergsøy skule, vart bygd i 1957. No ramlar det takstein.

Foto: Herøy kommune

Eigedomsavdelinga i Herøy kommune har lagt ned forbod mot å ferdast på delar av uteområdet ved Bergsøy skule, Borga. Grunnen er at det har rasa ned takstein frå skulen som vart bygd i 1957.

– Det er klart at vi ikkje kan ta risikoen på at folk får stein i hovudet frå skulen som er så høg, seier Robert Myklebust. Han er eigedomsleiar i Herøy kommune.

Han kjenner ikkje til at det har skjedd nestenulykker, men det er oppdaga at taksteinen ligg knust på uteområdet. Eigedomsavdelinga har informert skulen i dag. Uteområdet er ikkje fysisk sperra av, men elevane har fått beskjed om at det ikkje er lov å gå på grøntarealet på framsida av bygget. Store delar av skuleplassen og eine inngangen på bygget vert også stengt.

Det er sett av pengar til vedlikehald av skulen, men ikkje til å skifte heile taket.

– Vi sett i gang midlertidige tiltak tysdag og sett opp sperringar på taket, seier Myklebust. Han seier at kommunen må vurdere om dei skal sette i verk strengare tiltak etter at dei har vore på taket og sett.