NRK Meny
Normal

– Fryktar at dette kan bli blodig

Bønder er uroa over ulven som er på ferde i Stranda. Fylkesleiaren i Sau og Geit fryktar at fleire dyr må bøte med livet.

Sauekadaver

To daude sauer og åtte lam er funne med slike bittskader. I natt skal eit jaktlag ut og leiter etter ulv.

Foto: Tor Arne Tryggestad

Odd Bjarne Bjørdal

Odd Bjarne Bjørdal meiner at ingen sauebønder i fylket kan føle seg trygge for ulv.

Foto: Knut Hustad

To daude sauer og åtte lam har så langt blitt funne på utmarksbeite i Hellesylt søndag. Fylkesmannen har gitt fellingsløyve i Stranda og eit jaktlag er no ute og leitar etter det dei trur er ein ulv. Dei var ute i natt utan resultat. Fleire personar har observert det dei meiner er ein ulv dei siste dagane i Hellesylt og i Strandadalen.

Odd Bjarne Bjørdal er leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit. Han meiner at ingen bønder i fylket kan føle seg trygge når dei sender dyra på utmarksbeite.

– Vi oppmodar bønder i heile fylket om å følge ekstra godt med. Det vert meir og meir ulv rundt om i landet som vandrar, seier Bjørdal.

Ville utvide området

Søndag kveld hadde dei eit møte med Fylkesmannen for å få utvida fellingsløyve til også å gjelde delar av Sykkylven og Ørsta. Svaret var nei.

– Eg synest det var sterkt beklageleg, for det er om å gjere å vere føre var og ta ut dyret før det gjer større skader, seier Bjørdal.

Blodig leik

lam tatt av ulv

Tor Arne Tryggestad frå tok bilete av lamma til naboen. Det var eit trist syn, seier han.

Foto: Tor Arne Tryggestad

Han meiner mønsteret til ulven tyder på at det er ein ung ulv som trenar og leikar på å drepe sau. Ingen av dei ti dyra som er funne var etne av. Det eine dyret mangla hovud.

– Då blir det blodig slik som i Gudbrandsdalen i fjor. Å jakte ulv i våre trakter med fjordar, fell og dalar er kanskje eit hakk verre, seier Bjørdal.

Han fryktar at det vert blodig og store lidingar for dyra. Sjølv har han 40 sau og 75 lam på beite på Trandal. Bonden meiner at det slett ikkje er langt å gå dit for ein ulv, og fryktar dermed at hans eigen dyr også står i fare.

Viltforvalter Ulf Lucasen

Ulf Lucasen seier at fellingsløyve vert gitt på kort tid dersom ulv vert observert.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Jaktar der det er spor

Seksjonssjef hos Fylkesmannen, Ulf Lucasen, deler ikkje Bjørdals otte for manglande fellingsløyve i dei to nabokommunane.

– Vi vil konsentrere oss om område der det er gjort ferske observasjonar. Dersom det er teikn på ulv i Sykkylven og Ørsta vert det gitt løyve umiddelbart, seier Lucasen.

Han seier at ulven kan ha gått langt og forsvunne frå området. Det har han opplevd fleire gongar. Ein ulv som går i roleg tempo kan gå ti kilometer i timen.