Fryktar at nullutslepp for cruiseskip fører til busskaos

Nye krav om at cruiseskip skal vere utsleppsfrie i verdsarvområda, kan føre til at endå fleire turistar kjem til Geiranger i bussar. – Det er skrekkscenarioet, seier ordføraren.

Tre cruiseskip i Geirangerfjorden

I 2026 er det krav om at turistskip og ferjer i verdsarvfjordane har nullutslepp.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Hundretusenvis av turistar kjem til Geiranger kvart år. På dei mest hektiske dagane er det kaos på vegane, og på fjorden slepper cruiseskipa ut så mykje eksos at det til tider er helsefarleg.

I år vart reglane innskjerpa for skipa som skal segle inn i verdsarvområdet, men det skal bli endå strengare. Frå 2026 skal alle turist- og cruiseskip i Geiranger og Nærøyfjorden vere utsleppsfrie.

Det betyr at svært få skip kan gå i verdsarvområda, fordi dei store cruiseskipa manglar teknologien.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), vil ha overgangsordningar for cruiseskipa.

Foto: Frode Berg / NRK

Skrekkscenario med bussar

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) veit at turistane vil sjå Geiranger uansett. Frykta hans er at cruiseskipa skal legge til i nabohamner som ikkje har same restriksjonane og at turistane i staden blir skyssa i bussar til Geiranger. Ofte er det 5000 passasjerar på eit skip.

– Det er skrekkscenarioet. Landevegen og ferjekapasiteten er ikkje konstruert for det. Det blir bortimot katastrofalt, seier Tryggestad.

Sjølv om det er cruiseskipa som står for det meste av luftforureininga i Geiranger, meiner Tryggestad at alle bubilane og bussane står for sin del.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen meiner at realistiske tiltak for å redusere utsleppa for skipa må gjelde heile landet, ikkje berre verdsarvfjordane.

– I verste fall kan Geiranger og Hellesylt bli heilt ute som cruisedestinasjon, seier Maraak.

Rita Berstad Maraak

Hamnesjef, Rita Berstad Maraak, meiner kravet om nullutslepp bør gjelde for alle norske fjordar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ser ikkje løysing no

Direktør i Cruise Norway, Inge Tangerås, seier at temaet nullutslepp vert diskutert både nasjonalt og internasjonalt blant cruiserederia. Dei er samde om at det ikkje er mogleg å gjere cruiseskipa utsleppsfrie innan 2026.

Inge Tangerås

Direktør i Cruise Norway, Inge Tangerås, seier at cruisebransjen ikkje klarer innfri krava til 2026.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Det er det ingen som ser løysinga på no. Cruisebransjen investerer tungt for å redusere utsleppa, men klarer ikkje bli heilt utsleppsfri innan fristen, seier Tangerås.

Det betyr at cruiseskipa ikkje kan segle inn i verdsarvfjordane, med mindre ein finn andre måtar å kome seg inn i fjorden på.

– Det er mange tankar og forslag, men vi har ingen handfaste planar, seier Tangerås.

Skjerpar reglane for heile landet

Miljøstiftinga Bellona er oppteken av at cruiseturismen må vere berekraftig. Fagansvarleg for skipsfart, Sigurd Enge, meiner det er heilt riktig å starte nullutsleppa med verdsarvfjordane, men forventar at reglane kjem til å bli innskjerpa nasjonalt også.

– Norske fjordar er så attraktive, at ein treng ikkje vere redd for at cruiseindustrien ikkje vil segle der, meiner han.

Sigurd Enge

Sigurd Enge i Bellona forventar at krava til utslepp blir skjerpa nasjonalt.

Foto: KNUT ERIK SOLHAUG / NRK

Løysinga han ser for seg er å frakte turistane til verdsarvområdet i utsleppsfrie bussar og passasjerbåtar. Enge er også optimist og trur at cruiseindustrien vil konkurrere i å utvikle teknologi for å bli utsleppsfri.

Jobbar for løysing

Ordførar Tryggestad meiner politikarane må få på plass løysingar slik at cruiseskipa kan kome til Geiranger også i 2026, sjølv om dei ikkje har fått på plass nullutslepp.

– Eg ser det som rasjonelt at dei reiarlaga som garanterer at dei har nye skip i sitt program, blir prioritert, seier Tryggestad.

Trafikk-kaos i Geiranger

På dei mest besøkte dagane i Geiranger blir det ofte trafikkaos.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Sjøfartsdirektoratet er no i gang med ei utgreiing av vedtaket. Klima- og miljøministeren ventar på denne rapporten før det blir vurdert om det er behov for eventuelle unntak og overgangsordningar.