NRK Meny
Normal

Fryktar alvorlege ulykker i dei nesten ferdige bytrappene

Ålesund kommune fryktar alvorlege ulykker fordi folk ulovleg går opp bytrappene. Dei kritkvite trappene, som snart skal opnast, blir for freistande for stadig fleire.

Bytrappene i Ålesund er framleis usikra

Det er bratt utfor bytrappene i Ålesund. Førebels er det ikkje sett opp skikkelege rekkverk, og enkelte stader er det 30-40 meter rett ned.

Foto: Synnøve Hole

Dagleg tek folk seg no over høge gjerde og låste portar, etter å ha sett dei kritkvite trappene, som frå bysentrum kan sjå ferdige ut. Men det er framleis over ein månad til opninga 16. mai, og stadig fleire blir frista til ein prøvetur.

– Det er livsfarleg. Vi fryktar at folk skal ramle utover skrentar der det er 30-40 meter rett ned, seier prosjektleiar Steven Bendal i Ålesund kommune.

Les også:

Far med småborn i trappene

Steven Bendal i Ålesund kommune

Prosjektleiar Steven Bendal i Ålesund kommune viser ein av portane som i løpet av natta er flytta.

Foto: Synnøve Hole

Under heile perioden har dei vore plaga med at enkelte har tatt seg inn i området, trassi høge gjerde, hengelåsar og klare forbodsskilt. Men no aukar problemet dag for dag. Bendal meiner dei har fått øydelagt sikringsutstyr for tusenvis av kroner, fordi folk trakkar ned og klipper synd portar og gjerde.

– Vi hadde til og med ein småbarnsfar med to små ungar som klatra seg oppover fjellsida her på alle fire. Dei var i akutt livsfare, seier han.

Framleis er det ikkje sett opp rekkverk opp gjennom den bratte fjellsida.

- Rart forbod i fjell

Ola Myrset og Claudia Calvet

Arkitektstudentane Ola Myrset og Claudia Calvet, som kom med Hurtigruta til Ålesund, forstår ikkje kvifor det er ulovleg å gå i trappene no.

Foto: Synnøve Hole

Sjølv har han mange gongar treft på turistar og andre langt oppe i trappene, men ingen er så langt melde til politiet. I det NRK er i byparken og intervjuar Bendal, kjem sju arkitektstudentar frå NTNU gåande med klar retning mot trappene.

– Vi har ikkje sett forbodsskilta, og trudde berre starten på løypa var stengt, seier Ola Myrset, og legg til at det er merkeleg å forby folk å gå oppover eit fjell.

Han får støtte frå medstudent Claudia Calvet frå Spania.

– Vi er her berre denne eine gongen, gjer vi det ikkje no, kjem vi aldri til å oppleve det. Og det er ikkje farleg, vi har klatra i fjell før utan sikring, seier ho.

Fryktar større trafikk framover

Tydlege skilt skal åtvare folk

Høge portar, hengelåsar og forbodsskilt er ikkje nok til å stoppe dei som har bestemt seg for å prøvegå dei nye trappene i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole

Bytrappene var lenge i dårleg stand, men er no restaurerte og blir offisielt opna igjen 16. mai. Bendal har inga tru på at entreprenørane får vere åleine i fjellsida i innspurten.

- Vi fryktar at lyse kveldar og finever skal gjere at endå fleire tek seg inn på området, seier Bendal.