Fryktar aggressiv mutasjon

Kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde har bede Folkehelseinstituttet om hjelp til å avklare om sju koronasjuke er smitta av ein meir aggressiv mutasjon. Ein tilsett i helsevesenet har smitta sju fullvaksinerte. Innerdal seier det er viktig å få avklart kva for variant dei er smitta av: – Sju fullvaksinerte har blitt smitta og fleire av dei er innlagde på sjukehus, så derfor ønsker vi å vere på den sikre sida, seier han.

Cato Innerdal i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK