Torsdag fortsette rettssaka mot den ukrainske bussjåføren som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter ei alvorleg bussulykke i Valldal 30. juli i år.
Der forklarte han kvifor han ikkje hadde bremsa heilt ned då bussen møtte ein personbil like før ulykka.
– Slik som eg såg det visuelt, og ut ifrå den erfaringa eg har som sjåfør, så trudde eg at vi skulle greie å passere kvarandre, sa mannen.
Skada styresnekka
Då bussen kolliderte med ein personbil like før den fatale ulykka, skada det nemleg styresnekka på bussen, noko som og gjorde den umogleg å styre. Bussen hamna så utanfor vegen og velta. Fleire passasjerar blei skadd og ein mann omkom som følgje av ulykka.
I retten blei det torsdag vist fleire videoopptak som blei filma under ein rekonstruksjon som politiet gjennomførte med den tiltalte og fleire vitne i slutten av september.
Først fekk retten sjå ein video filma frå bussen sitt perspektiv, der den ukrainske bussjåføren sjølv var med og forklarte kva han meinte hadde skjedd ulykkesdagen.
Ville unngå ulykke
Tidlegare denne veka blei det kjent at den ukrainske bussen skal ha hatt ei fart på 61–63 km/t dei siste 260 meterane før samanstøyten med personbilen.
Bussen skulle også ha hatt ei kraftig nedbremsing, slik at farta under sjølve kollisjonen var rundt 57 km/t. Fartsgrensa på staden var 80 km/t.
Bussjåføren forklarte vidare at han frykta ei bråbremsing kunne føre til ei ulykke.
– Hjula til bussen var allereie på kanten av vegen, og eg visste at ein bråbrems i den farta kunne ha fått bussen til å svinga mot høgre og utanfor vegen, noko som kunne fått busen til å velte. Ei slik bråbremsing ville gjort det vanskeleg å kontrollere åtferda til bussen og vurderinga mi var difor at det var mogleg å passere bilen, sa han.
– Kunne du ikkje ha bremsa ned gradvis, spurte dommaren?
– På starten såg eg ikkje at vegen snevra inn, og difor slakka eg ikkje gradvis ned, svarte mannen.
Spørsmål om innsnevringa
Vegen blir gradvis snevra inn med 75 centimeter mot staden der samanstøyten mellom bussen og personbilen skjedde. Den ukrainske bussjåføren har tidlegare forklart at han ikkje la merke til at vegen hadde blitt smalare før den møtande personbilen var nokre meter unna.
Frå aktor Magnus Engh Juel fekk den ukrainske bussjåføren spørsmål om kvifor han i videoen gav inntrykk av at han såg innsnevringa i vegen.
– Ja, men då var personbilen allereie ganske nær. Eg såg ikkje innsnevringa av vegen til å begynne med. Det var lettare å sjå den når ein ser eit anna objekt på vegen, sa han.
Like for samanstøyten passerte bussjåføren ei lita sidelomme. I forhold til denne forklarte mannen at han ikkje hadde lagt særleg merke til denne fordi han var opptatt av å følgje kvitelinja på vegen.