Hopp til innhold

Frykt for skrantesjuke på elg

Mange fryktar spreiing av hjernesjukdomen skrantesjuke på vilt som det er oppdaga nokre tilfelle av i landet.

Elgku skoten i Molde

Ei elgkua blei avliva i Nordbyen i Molde søndag av frykt for skrantesjuke.

Foto: Torild Venås

Fylket vårt har vore spart for sjukdom, men i Moldemarka blei ei elgku avliva søndag etter at ho viste teikn til sjukdom.

– Vi fekk melding frå folk som hadde sett elgkua, og at ho såg litt rar og sjuk ut. Ho oppførte seg dårleg og snubla litt, fortel viltansvarleg i Molde, Nils Bjørn Venås.

Han og hans folk rykte ut og fekk stadfesta at ikkje alt var som det skulle.

Elgkua sjangla

– Vi fann fort ut at ho ikkje var heilt frisk. Bakføtene fungerte ikkje noko særleg og ho hadde problem med å gå. Vi måtte berre avlive elgkua med ein gong.

Venås fortel at det for tida er veldig fokus på skrantesjukdom på hjortedyr, etter fire slike sjukdomstilfelle her i landet. Han vedgår at alle som jobbar med viltforvalting og helsa til hjortedyra er litt småskremde for tida.

Nils Bjørn Venås

Nils Bjørn Venås er viltansvarleg i Molde.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Når vi ser eit slikt dyr som går og sjanglar i skogen så blir vi skeptisk. Men bortsett frå at elgkua var litt ustabil og gjekk litt dårleg var det ingen teikn som tyda på skrantesjuke, seier den viltansvarlege i Molde.

Han opnar for at dyret kan ha ramla og skada seg i ryggmarken. Men heilt trygg er dei nok ikkje, for Mattilsynet har allereie fått prøver og skal gjere sine undersøkingar. Dette er elles eit dyr som viltforvaltinga har hatt god kjennskap til.

Unormal oppførsel

– Vi har hatt problem med denne kua som har vore i Nordbyen i lengre tid. Verken ho eller kalven har nesten ikkje vore redde for folk, og vi har vurdert å ta ho ut uansett. Men no var ho sjuk og er avliva.

Tid om anna så opptrer elgen slik som den no avliva kua, og om dyra ikkje blir skremde så kan det vere desto meir skræmande for folk. I løpet av dei siste åra har fire-fem elgar blitt avliva i dette området.

– Denne elgkua har ikkje vore direkte truande, men ho har ikkje vore redd folk, Og det er observert at kalven hennar har gått til angrep på hundar, fortel Venås. Og kalven den blir opplært.

Då elgkua blei avliva stakk forøvrig kalven av, og dei som har jakta i området skal prøve å ta ut ungdyret.

Ventar på svar

Mattilsynet logo

Mattilsynet kjem med svar på prøver i løpet av dagen.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Talet på elg har vore nokså stabilt i dette området siste 10-15 åra, der det stadig vekk blir observert elg.

– Eg vil ikkje seie at her er mykje elg, men talet har stabilisert seg. Vi skyt ein 20-30 elg for kvart år, og det ser ut til å balansere stammen nokså godt.

Men akkurat no er Venås mest interessert i å få klarheit i kva som mangla elgkua som blei avliven søndag. I løpet av dagen ventar han svar på nokre prøver og då blir det truleg klart om det er skrantesjuke eller ikkje.