Hopp til innhold

Frydar seg over supermøter i cupen

1. runde av NM 2013 er klar, og to lag gler seg stort 17. april. Larsnes/Gursken og Elnesvågen & Omegn får nemleg storfint besøk.

Glade LGFK-spelarar

Larsnes/Gursken gler seg stort til 1. runde-kampen mot AaFK. Anders Vaagen, i midten, håper på eit mirakel.

Foto: Hans-Olav Rise

Jan Jönsson

Jan Jönsson må til Ytre Søre Sunnmøre for å spele 1. runde. Der ventar eit tent og spent Larsnes/Gursken 17. april.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Dette blir strålande! Vi håpte på AaFK eller Hødd, og no fekk vi Aalesund.

Det seier Anders Vaagen i Larsnes/Gursken. 17. april kjem nemleg AaFK på besøk til Gursken stadion, eller River Plate som bana blir kalla, for å spele 1. runde av NM.

– Dette vil nok skape ein del blest, ja. Allereie no er det bra aktivitet på Facebook, så dette blir nok stor ståhei.

– Kva sjansar har de mot AaFK då?

– I utgangspunktet skal vi ikkje ha mykje å stille opp med, men eg kan love at vi skal gjere alt vi kan. På ein superdag kan alt skje, meiner ein glad Vaagen.

Bjørn Espen Vatne

Bjørn Espen Vatne håper på enormt med publikum når Molde kjem på besøk igjen.

Foto: Privat

– 2000 på kamp sist

I Elnesvågen har jubelen òg stått i taket. Elnesvågen & Omegn får nemleg besøk av Molde.

– Det blir kjempemessig. Artig! Det kunne ikkje blitt betre, seier Bjørn Espen Vatne, trenar og spelar i klubben.

– Noreg sitt beste lag dei siste to sesongane kjem på besøk, så dette blir ei stor hending.

Vatne fortel at Molde òg var på besøk for 3–4 år sidan.

– Då var det over 2000 menneske på kamp. Vi håper sjølvsagt på det same no.

– Kor store er Elnesvågen & Omegn sine sjansar i kamp mot Molde då?

– I utgangspunktet er vel sjansane i favør Molde, men fotballen er rund, avsluttar Vatne.

1. runde i Møre og Romsdal:

1. runde av NM blir spelt 16., 17. og 18. april. Fire av fem kampar, med lag frå Møre og Romsdal involvert, går 17. april.

17. april:

  • Larsnes/Gursken FK – Aalesund FK
  • Brattvåg IL – IL Hødd
  • Elnesvågen & Omegn IL – Molde FK
  • SK Herd – Kristiansund BK

18. april:

  • SK Træff – Skarbøvik IF