Hopp til innhold

– Vi kan ikkje stole på ferja

Øyfolket i Haram er frustrerte over problem med ferja. Dei meiner politikarane må kome på bana.

Folket på Nordøyane i Haram er fortvila over fleire ferjestansar den siste tida.

Ferjeproblema er temaet når dei reisande møtast i salongen på bilferja Kvam.

Bilferja Kvam

Bilferja Kvam går for tida i sambandet Skjelten-Lepsøy-Haramsøy. Fredag fekk den tekniske vanskar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er formiddag og i høljeregnet kjem den gamle ferja Kvam roleg sigande inn til kaia på Skjelten i Haram. Heilt i rute. Eit vogntog frå Transfed køyrer om bord. Den skal over fjorden og levere varer til hjørnesteinsbedrifta Rolls-Royce på Longva. Sjåfør Roy Kristoffersen har heilt sidan fredag vore spent på om han klarer å utføre dette oppdraget.

– Vi er heilt avhengige av ferjene, seier sjåføren.

Kaos då ferja vart innstilt

Det var kaos på begge sider av fjorden då ferja vart innstilt fredag. Bilane måtte stå att, fordi det vart sett inn hurtigbåt og ikkje reserveferje.

Foto: Kurt Magne Brox / NRK

Fredag formiddag var det driftsstans på ferja og det komplette kaoset oppstod. Hundrevis av bilar og passasjerar stod på begge sider av fjorden og venta på ei ferje som aldri kom den dagen. Etter om lag to timar vart det sett inn hurtigbåt som berre tok passasjerar. Bilane stod att på markane, langs vegen og i grøftekanten. Folk som skulle i gravferd på Haramsøya, kom seg ikkje dit. Pasientar som hadde time på sjukehuset, måtte avlyse.

Blir isolert

Lasting av varer ved Rolls Royce på Longva

Rolls-Royce sender varer med vogntog, som er heilt avhengig av at ferja går.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er ikkje berre denne episoden som gjer øyfolket og andre som brukar ferja så frustrerte. Problemet er at det etter deira oppfatning altfor ofte er trøbbel med ferja.

– Her er berre ein veg og når ferja står stille finst det ingen omveg. Ferja er livsnerven. Den stansar såpass hyppig at folk må ta det med i planlegginga, seier Aksel Tomren.

Han sit oppe i ferjesalongen saman med andre reisande. Alle har opplevd å bli råka av ferjehavari.

LES OGSÅ:

Ikkje til å stole på

Kurt Magne Brox

Kurt Magne Brox meiner at politikarane må kome på banen og sjå om kontrakten er god nok.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På lageret på Rolls-Royce står Kurt Magne Brox og ventar på vogntoget som kjem med ferja. Han har ei hektisk stund i trucken framføre seg. Bilen skal både tømmast og fyllast. Tida er knapp for neste ferjeavgang er om ein time. Ute i verda ventar båtar på delar frå sunnmørsbedrifta. Dersom ferja står stille, må dei vere kreative og få varene sendt med skyssbåt til fastlandet og vidare til flyplassen.

– Vi kan ikkje stole på ferja som går her. Problemet er at vi blir isolert kvar gong ferja havarerer, seier Kurt Magne Brox.

Uvissa verst

Elisabeth Haram

Elisabeth Haram jobbar på Rolls-Royce Longva. Ho ynskjer seg ei ferje som går kvar einaste dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rundt lunsjbordet ved Rolls-Royce er det ferja som nok ein gong er tema. På bakarste bord i kantina sit ein damegjeng med klare meiningar.

– Det at ferja er så ustabil skaper uvisse. Er det ein dag du skal reise, er du usikker på om du kjem deg av garde eller heim att, seier Elisabeth Haram.

Hennar høgste ynskje er å ha ei driftssikker ferje som går i rute kvar dag. Aller helst skulle ferja ha vore større også, slik at ein var sikker på å kome med.

Blir flau

Ingemund Longva

Ingemund Longva synest det er flaut at ferja stadig vekk er ute av drift.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ingemund Longva er leiar for automasjon og kontroll i verksemda. Han har fast kontorplass i Ålesund, men pendlar til Longva ein dag i veka. Han meiner det er utilfredsstillande for både næringslivet og lokalsamfunnet at ferja har så ofte problem. Fredag hadde dei kundar som vart ståande fast på øya.

– Eg synest det er direkte flaut. Vi har andre ting å konsentrere oss om enn å mase på ferjeselskapet og lokalpolitikarar, seier Longva.

Han meiner at fylkespolitikarane ikkje tar dei på alvor, og er skuffa over at dei ikkje set større krav i konsesjonsvilkåra til ferjeselskapa.

Må gå gjennom avtalen

Ute i lageret har Kurt Magne Brox fått fart på sakene. Ein kollega gir ei hjelpande hand, slik at arbeidet går fortare. Dei veit nøyaktig kor lang tid det tar å køyre til ferjekaia og losser full lastebilen, slik at han med god margin når båten. Bronx meiner det er feil å skulde ferjeselskapet Nordled for alt trøbbelet.

– Vi må gå vidare til politikarane som har godtatt avtalen. Dei må sjå på det på nytt og så får vi håpe på ei betring, seier Bronx.

  • Kva meiner du? Er det politikarane som har skulda for at det vert sett inn gamle ferjer som stansar? Sei di meining i kommentarfeltet nedst i artikkelen.

Unnlét å erstatte ferje

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne seier at fylkeskommunen må ta til takke med gamle ferjer fordi dei ikkje har råd til anna.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne, beklagar sterkt det øyfolket opplever. Han trur at ferjeselskapet bevisst unnlét å sette inn reserveferje etter fem timar slik anbodet krev og at dei heller vel å betale gebyret for misleghald av kontrakten.

– Vi bør diskutere om gebyret burde ha vore større, seier Vatne. Hen trur ferjesituasjonen i sambandet Skjelten-Lepsøy-Haramsøy vil betre seg frå nyttår. Då kjem det to ferjer i sambandet. Sjølv om begge ferjene er gamle, fyller dei krava.

– Kvifor godtek de å sette inn gamle ferjer?

– Vi ynskjer nye ferjer, men har ikkje pengar, seier Vatne. Onsdag er det møte i samferdsleutvalet og då vert ferjer eit av tema som politikarane blir orientert om.

Har lite problem

Inge Andre Utåker

Inge André Utåker i Norled kjenner seg ikkje att i det øyfolket seier om at ferja stadig vekk er ute av drift.

Foto: Arne Flatin / NRK

Regionsjef i Norled, Inge André Utåker, kjenner seg ikkje att i det øyfolket fortel. Han viser til at ferja er svært stabil og at ruta i snitt har hatt ein regularitet på 99,82 prosent hittil i år.

– Det er ikkje tvil om at vi har hatt nokre episodar, men det er ikkje riktig å seie at det er eit generelt problem. Det er klart at folk er beretttiga å vere irriterte og sinte når ferja ikkje går, seier Utåker.

Grunnen til at det ikkje vart sett inn reserveferje fredag, var at mannskapet trudde at dei skulle klare å reparere oljekjølaren fort. Etter nokre timars arbeid verka den likevel ikkje.

– Hadde vi visst med ein gong kor lang tid det tok, kunne vi ha forsøkt å leige inn eit reservefartøy, seier Utåker. Han vil ikkje kommentere påstanden til Vatne om at ferjeselskapet bevisst ikkje sett inn reserveferje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL