Hopp til innhold

Frustrerte bønder

Ein lang vinter og ein sein vår skaper problem for bønder over heile fylket. Det har nemleg ført til proppfulle møkkakjellarar og møkkabingar, og mange må ha hjelp med å få unna møkka. Lova opnar for gjødsling 15. februar, men å må graset ha starta å gro. Den seine våren hindrar dermed mange bønder i å kome i gang med gjødslinga. – Det er veldig trasig for dei bøndene som har lite kapasitet. Der renn det lett over, seier Wenche Horsgård hos Horsgård tankbil.

Overfyllt møkkakjeller
Foto: Gunnar Sandvik / NRK