Hopp til innhold

Frustrert Riise: – Er det vits å kjempe mot systemet?

Fotballspelar John Arne Riise får truleg ikkje spele Tippeliga-fotball denne våren. Årsaka er at Betsson skal bruke han i TV-reklamar fram til etter EM.

Riise

John Arne Riise er tydeleg frustrert over at avtalen med NFF ikkje går i boks.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

John Arne Riise har vore svært aktiv på Twitter dei siste dagane. I går var han ute og antyda at han var villig til å legge bort Betsson-avtalen som til no har gjort det umogleg for han å spele fotball på toppnivå i Noreg.

Ein avtale mellom John Arne Riise og Aalesund er ferdigforhandla og det einaste som har stått i vegen for at 35-åringen kan spele fotball i Norge den komande sesongen har vore avtalen med Betsson.

Dermed låg alt til rette for at Noregs Fotballforbund (NFF) kunne gi Riise grønt lys til å ikle seg den oransje AaFK-drakta for første gang på 18 år. Men så enkelt skulle det altså ikkje vere. Tysdag kveld skriv Riise følgande på Twitter.

– Eg blei fortalt av alle at eg må terminere avtalen for å spele. I dag blei det gjort. Signert og levert. Men enno er det ikkje nok. Er det vits å kjempe mot systemet når dei seier at alt eg må er å terminere kontrakten og det enno ikkje er nok? Kva no? Meir kan eg ikkje gjere, skriv 35-åringen.

– Tolmodet er over, held han fram.

Laster Twitter-innhold

Betsson skal bruke han i reklamar

Heilt sidan Riise skreiv under avtalen med Betsson i 2013 har leiinga i Noregs Fotballforbund vore tydelege på at det er heilt uaktuelt for han å spele toppfotball i Noreg, så lenge han har ein avtale med spelselskapet. Og då gjeld det ikkje berre ei pause i samarbeidet, men full stopp av avtalen.

Spelselskapet tok no sjølv initiativ til å avslutte avtalen med Riise, men Betsson ønska framleis å vise fire allereie ferdigproduserte videoar med fotballspelaren i vår og sommar.

Det er truleg dette som er hinderet i å få til ein avtale med Noregs Fotballforbund.

Henrik Hoff

AaFK-direktør Henrik Hoff seier det blir vanskeleg for Riise å spele for AaFK slik som situasjonen er no.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Tysdag kveld fekk AaFK-direktør Henrik Hoff beskjed om at det no «berre» er reklamefilmane som står mellom Riise og gjensynet med norsk fotball.

– No blir det vanskeleg. Så lenge Betsson krev at reklamefilmane skal rulle og gå, kan ikkje John Arne spele for AaFK. Det er rådet og anbefalinga vi har fått no, seier Hoff til VG.

Det har så langt ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå John Arne Riise tysdag kveld. Til VG seier han at han ikkje ønsker å kommentere saka før han har fått snakka med rådgivarane sine.