NRK Meny
Normal

– Eg har aldri sett slikt i februar

Fruktblomstring er ikkje eit normalt syn på denne tida av året. Blomstringa startar vanlegvis i mai når temperaturane står høgare på gradestokken.

Fruktblomstring i Standal

Dette er ikkje eit vanleg syn i midten av februar.

Foto: Kjell Dybvik

Fruktgård

Her frå ein fruktgard i Valldal.

Foto: Øystein Antonsen/NRK

Men på ein gard i Ytre-Standal, på Hjørundfjordstranda i Ørsta kommune, har blomstringa allereie byrja. Kjell Dybvik frå Ålesund brukar ein av gardane i Ytre-Standal som fritidsbustad saman med kona. Han vart overraska då han såg frukttrea.

– Eg har aldri sett plommetrea blomstre så tidleg som i midten av februar. Det er veldig spesielt, seier Dybvik.

Han trur det kan sjå dårleg ut for plommehausten viss det blir frost.

Les også: - Plommer mer lønnsomt enn epler

Fruktdyrkar Sigurd Linge har over 1000 frukttre på Linge i Norddal kommune. Han har vanskeleg for å tru at det blomstrar allereie no.

– Problemet med fruktblomstring no er at vi ikkje har insekt enda som kan befrukte blomen. Viss blomen ikkje vert bestøva så vil befruktninga bli ufullstendig, seier Linge.

Han seier at det kan føre til ein laber plommehaust – spesielt viss det kjem frost og snø. Sjølv har han ikkje sett blomstring på eigne tre, men han har lagt merke til at knoppane på frukttrea har posna opp litt.

Fruktblomstringen i Hardanger er i gang.

Slik er blomstringssesongen eigentleg. Her frå Hardanger.