NRK Meny
Normal

– Ta til fornuften, og la Gjelsten byggje nytt sjukehus i Molde

Stortingspolitikar Harald Nesvik (Frp) meiner regjeringa må la finansmannen Bjørn Rune Gjelsten få lov til å betale for eit nytt sjukehus i Molde.

Harald Tom Nesvik

Det er tøv at regjeringa ikkje kan la Gjelsten byggje det nye sjukehuset i Molde, meiner Frp-politikar Harald Nesvik.

Foto: Aina Rødal / NRK

Bjørn Rune Gjelsten

Bjørn Rune Gjelsten har tilbode seg å byggje det nye sjukehuset i Molde, men får ikkje lov.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / VG
Jan Tore Sanner

Høgre er positive til å la private delta i sjukehusutbygging, seier nestleiar Jan Tore Sanner.

Foto: Karl Hans Johansen / NRK

Gjelsten har tilbode seg å byggje og drive eit nytt sjukehus i heimbyen Molde . Regjeringa vil ikkje gå med på eit slikt privat samarbeid, og har avvist tilbodet.

Statssekretær Robin Kåss i Helsedepartementet påpeikte at det slett ikkje var noko julegåve Gjelsten hadde kome med .

Han viste til at Helse Midt-Noreg allereie har ei milliardgjeld, og at dei må få økonomien i orden før dei kan låne meir.

– Berre tøv

Denne forklaring er ikkje Nesvik fornøgd med.

– Dette er rett og slett berre tøv, seier han til NRK.

– Det er nettopp Stortinget og regjeringa som kan endre reglane som han viser til. Dette er berre eit skalkeskjul. Om regjeringa ønskjer å gjere noko, skal Framstegspartiet vere klare til å gjere dei nødvendige vedtaka, seier Nesvik.

Høgre er med

Også Høgre har varsla at dei vil vere med på å fatte slike vedtak.

– Når det er semje om at det er behov for eit nytt sjukehus i regionen, og private tilbyr seg å delta i sjølve bygginga, så er Høgre veldig positive til det, sa nestleiar Jan Tore Sanner i går.

Tilbodet frå Gjelsten er ikkje klart enno, men ifølgje eigedomsselskapet Fabritus er det snakk om at dei vil ta på seg å planleggje, byggje og finansiere eit nytt sjukehus, for så å leige dette ut til Helse Midt-Noreg.

Torbjørn Røe Isaksen

Arbeidarpartiet har eit problem med å sleppe til private, meiner Torbjørn Røe Isaksen (H).

Foto: NRK

– Slepp private til

Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner at private må få sleppe til ved seinare høve, sjølv om ikkje tilbodet frå Gjelsten skulle bli godkjent.

– Folk må ikkje sitte igjen med eit inntrykk av at Gjelsten har tilbode seg å gje vekk tre milliardar kroner til Molde kommune. Dette er ikkje først og fremst ei julegåve, men ei praktisk og pragmatisk og ein løysingsorientert måte å byggje eit nytt sjukehus på, seier han.

– Problemet for Arbeidarpartiet er at dei berre er opptekne av det offentlege, og at om ikkje det offentlege kan gjere det heilt åleine, så vil dei helst ikkje gjere det i heile tatt, seier Isaksen.

Sinne i Molde

Etter at det vart klart at byggjestarten for eit nytt sjukehus i Molde blir utsett til 2018 , har kritikken hagla mot Arbeidarpartiet og helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

Ordførar Jan Petter Hammerø meiner byen er svikta av regjeringa, og har sagt at han meiner utsettinga kan føre til at det aldri blir bygd nytt sjukehus i Molde.

Demonstrasjon Molde

Demonstrasjon i Molde.

Foto: Herskedal, Kjell / Scanpix