Frp vil flytte GIEK til Ålesund

Framstegspartiet vil flytte den statlege garantiordninga GIEK og Eksportkreditt ut av Oslo. Sylvi Listhaug seier partiet kjem til å legge fram forslag i Stortinget om å legge hovudkontoret til Ålesund og eit avdelingskontor til Bergen. Giek stiller garantiar for lån og investeringar og har om lag 150 arbeidsplassar. Ordninga blir mykje brukt av næringslivet i Møre og Romsdal. Konsulentselskapet Deloitte meiner kontoret må ligge i Oslo.

Sylvi Listhaug, Frp
Foto: Mari Aftret Mørtvedt / NRK