Frp trekker seg i protest i Vestnes

Vestnes Frp går ut av det valtekniske samarbeidet med Sp, Høgre og KrF, skriv rbnett.no. Dette er i protest etter at varaordførar Randi Bergundhaugen (H) skal ha rykt opp som ordførar no som Geir Inge Lien har fått stortingsplass. Partiet begrunnar valet om å gå i opposisjon med at det ikkje formelt er halde val i kommunestyret om ordførarvervet, samt at samarbeidet har gitt Frp lite utteljing.