NRK Meny
Normal

– Lei av ekstremvarsel kvar gong det regnar

Frank Sve (Frp) synest det vert sendt ut altfor mange ekstremvarsel, som skaper uro blant folk. Ofte slår ikkje varsla til.

Urd i Baldersheim

I romjula 2017 var det ekstremveret Urd som herja i fleire fylke.

Foto: Morten Tveit

Stadig vekk sender Meteorologisk institutt ut obsvarsel slik at kommunane og folk kan bu seg på det som kjem, anten det er sterk vind, store nedbørsmengder, snøskredfare eller høg flo. Er det venta at vêret kan bli farleg, vert det sendt ut ekstremvarsel.

– Det kan ikkje bli varsla kvar gong det ramlar litt regn, seier Frp-politikar Frank Sve. Han meiner dei hyppige varsla fører til at kommunalt tilsette som skal sørge for beredskapen, blir oppgitte.

Frank Sve

Frank Sve (Frp) meiner at dei hyppige varsla verkar mot si hensikt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Overivrig i tenesta

Etter nyttårsorkanen i 1992 vart varslinga av ekstremvêr i Noreg betra. Den gong var det få som fekk med seg orkanvarselet og øydeleggingane var enorme fordi det ikkje vart sett i verk førebyggande tiltak. Meteorologisk institutt fekk seinare ansvar for å sende ut varsling av ekstreme hendingar til blant anna politi, Fylkesmannen, kommune og media. Kvart ekstremvêr får også sitt eige namn.

Sve meiner at det ofte kjem varsel utan at situasjonane er ekstreme.

– Det som verkeleg er ekstremt skal varslast, men kvar regnskur kan ikkje varslast. Eg blir matt av heile greia. Det er nokon som er overivrig i tenesta, seier Sve. Han hevdar at den hyppige varslinga verkar mot si hensikt.

LES OGSÅ:

Ulv ulv-effekt

regionsjef Brigt Samdal i NVE

Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier at det er farleg dersom varsla ikkje blir tatt på alvor.

Foto: Tale Hauso / NRK

Regiondirektør Brigt Samdal i NVE seier at det er ekstreme hendingar langt oftare no enn før, slik som venta. Nokre gongar slår varsla feil fordi vêret flyttar seg til eit anna område eller det blir mindre ekstremt enn venta.

– Det kan gi ein ulv ulv-effekt som er farleg å hamne i, der varsla kan bli neglisjert. Vi brukar difor mykje energi på at varsla skal vere så korrekte som mogleg, seier Samdal.

NVE sine varsel for flaum og skred er delt inn i ulike faregrader, der fire er den mest alvorlege. Dei diskuterer no om faregrad 2 ikkje lengre skal gå inn i sløyfa til styresmaktene, altså til Fylkesmannen og kommunane.

– Dette kan erstattast med abonnementsordningar som automatisk vert sendt ut til dei i kommunane som har ansvar på sms. Dermed blir lista høgare for kva som skal vere varsling til styresmaktene, seier Samdal.