Hopp til innhold

Frp lovde veljarane å kjempe imot milliardprosjektet, men har neppe makta til å stoppe det

Frp gjekk høgt ut i valkampen og kjempa mot kloakkanlegget i Ålesund og Sula. Men sjølv om partiet vart valvinnar, manglar dei politisk makt til å tvinge gjennom valløftet sitt.

Håkon Lykkebø Strand smiler og ler. Han står ved brosundet i Ålesund sentrum, og har på seg ei jakke med FRP-logo på.

Håkon Lykkebø Strand vann dragkampen med Høgre og vert Ålesund sin nye ordførar. Men vil han klare å stoppe milliardprosjektet han har kjempa so lenge mot? Arkivfoto.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ålesund og nabokommunen Sula har eit skikkeleg dritproblem.

Fleire av kloakkreinseanlegga oppfyller nemleg ikkje krava og er ikkje gode nok etter dagens standard.

I Ålesund er det no byggjestopp i fleire bydelar. Korkje kommunen, private eller bedrifter får lov til å byggje nye leilegheiter, hus, kontor eller anna som vil produsere meir kloakk.

I realiteten gjeld dette også i Sula, trass i at det der formelt ikkje er byggjestopp.

Å måtte sei nei til folk som vil byggje seg hus eller selskap som vil byggje leilegheiter er dramatisk for ein kommune.

Den føreslåtte løysinga? Eit felles reinseanlegg som kan koste kring 2 milliardar kroner. Det vil mest sannsynleg bety auka kommunale avgifter for innbyggjarane, men vil løyse det aller meste av dritproblemet.

Framstegspartiet i Sula og Ålesund har vore sterke motstandarar av fellesanlegget, og denne kampsaka gav dei mange stemmer i kommunevalet.

I båe kommunar vart Frp det største partiet av alle etter valet, men dei vil likevel neppe få til valløftet sitt om å stoppe det store reinseanlegget.

Kvasneset i Sula der det er planlagt renseanlegg.

På Kvasneset i Sula er det nye, store kloakkreinseanlegget planlagt – med mindre Frp finn nok støttespelarar til å stoppe det.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Lite lys i tunellen

– Eit langt liv har lært meg at ein aldri skal sei aldri, men det ser ikkje veldig sannsynleg ut no, seier Jan Erik Røsvik.

Han er politisk redaktør i Sunnmørsposten, og trur ikkje Frp klarar snu dei andre politikarane i Ålesund eller Sula.

– Ikkje fordi at dei andre partia so inderleg gjerne vil betale to milliardar for eit slikt anlegg, men fordi alternativa er so vanskelege å sjå, seier Røsvik.

Den einaste måten noko kan endre seg på, er om det skjer nye ting i saka, meiner redaktøren.

– Det kan kome nye opplysningar slik at folk har ein grunn til å snu. So kjem det sjølvsagt nye medlemmer som ikkje har vore med på behandlinga tidlegare, men eg trur ikkje det er so veldig lett for dei å skulle samle fleirtal på den måten.

Les også Skarpe reaksjonar på at regjeringa vil ha slappare kloakk-reglar

Kleppe vannverk

Trur vinden kan snu

Avtalen mellom dei borgarlege partia på Sula er at dei i utgangspunktet skal samarbeide, men at dei kan stemme som dei vil i kvar einskild sak – eit valteknisk samarbeid.

Etter det NRK erfarer, vil truleg Frp stå åleine, eller i det minste i eit politisk mindretal, og stemme imot det store felles reinseanlegget.

– Det skal ikkje stoppe oss i å prøve å omvende meinigheita for å sjå på alternativ, seier Bendik Valseth Havnegjerde.

Han sto på topp på Sula Frp si liste, og vert snart varaordførar i kommunen.

– De vart jo det største partiet i kommunen, men er ikkje garantert hjelp for å tvinge gjennom ei viktig kampsak for dykk. Kvifor greidde de ikkje få til det, med over 30 prosent av stemmene?

– Vi gjorde ikkje det. Men om eg skal ta tempen på saka, so trur eg fleire og fleire er opne for å sjå på alternativ parallelt med Kvasneset, seier Havnegjerde.

Kvasneset i Sula

Frp-leiaren på Sula håpar dei skal klare å få fleire politikarar til å sjå på alternativ til Kvasneset.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Har eit siste håp

Også i Ålesund var å sei nei til anlegget på Kvasneset ei sentral sak for Frp, og også her vart dei størst av alle.

Dei fekk til og med ordføraren, for første gong i kommunen si historie.

Men partiet fekk ikkje Høgre eller nokon andre til å love at dei skulle stemme saman mot eit dyrt kloakkreinseanlegg.

– Det var rett og slett so steile frontar at det var umogleg å lande noko kompromiss, seier Håkon Lykkebø Strand, som er påtroppande ordførar.

– For dei veljarane som stemte på Frp for at de skulle kjempe imot denne utbygginga, forstår du at dei kan verte skuffa?

– Eg vert jo skuffa sjølv, for eg hadde verkeleg håpa at vi skulle få gjennomslag i denne saka. Vi kjempa knallhardt i forhandlingane, men det gjekk diverre ikkje gjennom.

Strand hadde håpa å få Høgre med seg, men seier dei måtte verte einige om å vere ueinige. Han seier sjølv at det ser ut til at dei kjem til å tape Kvasnessaka.

Frp sitt siste håp i Ålesund er å overtale einskilde representantar i kommunestyret – i alt frå Raudt, INP, Sp, Venstre og Høgre – til å snu, slik at dei får eit fleirtal i ryggen.

– Det er jo også mogleg at det vert fleirtal for dette på Sula, seier Strand.