Hopp til innhold

Sikta for promillekøyring etter frontkollisjon

To personar er skadde etter ei bilulukke i Averøy onsdag.

To personer er skadd etter ei ulukke på Averøy på Nordmøre.

Politiet fekk melding om ei bilulukke på fylkesveg 64 mellom Bremsnes og Bruhagen klokka 13.55. Politiet var då allereie på veg til Averøy etter ei melding om ei mogleg promillekøyring.

– I forkant hadde vi fått melding om ei mogleg promillekøyring på Bremsnes, men om det er same episoden, kan eg ikkje seie for sikkert no. Det må vi sjå på, seier innsatsleiar Jan Arild Hansen til NRK i 15.30-tida.

Innsatsleiaren la til at politiet hadde ei aning om kva om kva som hadde skjedd, men ønskja ikkje å gå ut med informasjonen så tidleg.

Sikta for promillekøyring

To bilar var involverte i trafikkulukka, og det var ein person i kvar bil. Ulukka hende då den eine bilen skar over i det motsette køyrefeltet.

– Det var to menn, ein i 20-åra og ein i 60-åra, som var førarar av dei to bilane. Begge er heimehøyrande på Nordmøre, seier operasjonsleiar Styrkar Gagnat til NRK rett før klokka 18.

Ifølgje operasjonsleiaren er ein av desse no sikta utfrå mistanke om å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand.

Begge vart skadde

Alle naudetatar rykka ut til det som skal ha vore ein front mot frontkollisjon. Ein av mennene slapp unna med lettare skadar og vart køyrt til sjukehuset i Kristiansund. Den andre er flogen til sjukehuset i Molde, og det er førebels ikkje klart kor alvorlege skadane er.

Vegen var stengt i ein periode som følgje av ulukka.

Ulukka hende då den eine bilen kom over i feil køyrebane. Politiet var då allereie på veg til Averøy etter ei melding om ei mogleg promillekøyring.
Laster Twitter-innhold
Frontkollisjon på Averøy

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL