Front-mot front i Surnadal

Trafikkulykke ved fylkesveg 65 rett ved Solemsvegen i Surnadal. To damer skal vere involvert i ulykka. Ei er sendt til sjukehuset i Orkanger, og den andre er frakta til legekontoret i Surnadal. Politiet er ferdig på staden, sak blir oppretta.