Hopp til innhold

– Forstår ikkje at nokon har glede av å øydelegge for oss

Dugnadsgjengen som held ved like friluftsområdet på byfjellet Aksla i Ålesund fortvilar. For andre gang på kort tid er toalettet fylt med stein.

Arnstein Eide og Finn Knutsen

Arnstein Eide og Finn Knutsen i Aksla vel er oppgitt over at folk øydelegg det dei bygg opp.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det er ikkje få timar dei frivillige i Aksla vel har lagt ned på dugnad. I tillegg til å vedlikehalde turområdet, har dei også bygd gapahukar, treningsapparat, benkar og toalett. No har nokon fylt toalettet med stein, og det er ikkje første gang det skjer.

– Det er ikkje mange dagar sidan vi tømde toalettet for stein og no er det på an igjen, seier Arnstein Eide, som er leiar i velforeininga.

Kastar benkane

Han blir oppgitt av at verken toalett eller benkar får stå i fred, utan at nokon må øydelegge. Benkane kan velforeinga finne kasta utfor fjellet og for ikkje lenge sidan var plata på ein stor kum løfta bort. Plata fann dei att på det islagde vatnet.

– Det er trasig. Det er andre som sponsar oss med pengar for å få til dette. Det er jo til til folkets beste i heile byen, seier Finn Knutsen i Aksla vel. Turgåarane Gunn og Einar Røssok reagerer også.

– Det må vere noko alvorleg gale med folk som øydelegg på denne måten, seier Einar Røssok.

Aksla i Ålesund

Aksla er eit mykje brukt turområde i Ålesund. No er det usikker om velforeininga sett opp nytt toalett.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

LES OGSÅ:

Vil ha tips

Arnstein Eide er oppgitt. Ikkje berre er det stein i toalettet, men også doskåla er knust og lyset er rive bort. Han har store problem med å forstå kvifor nokon gjer dette og håper at folk kjem med tips dersom dei veit kven som står bak.

– Veldig mange har reagert på innlegget vårt på Facebook og no er folk merksame og kjem verkeleg til å fylgje med, seier Eide.

Velforeininga vurderer om dei skal sette opp eit nytt toalett eller om dei skal la det vere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL