Hopp til innhold

Kryssa rett framfor ferja med badering på slep: – Livsfarleg

Linda Eidem blei sjokkert då ein fritidsbåt kryssa framfor ferja. – Det var skikkeleg ekkelt. Eg tenker på at det kunne ha gått gale, seier Eidem.

Ferja mellom Festøya og Solevågen på Sunnmøre nærma seg land då ein fritidsbåt plutseleg kryssa leia. Bak båten hang ein person i ein slags badering. Ferjepassasjer Linda Eidem er sjokkert over det ho såg. Ho oppfatta at det var eit barn som hang bak på båten.

– Eg var redd for at personen skulle ramle av og det var fleire på ferja som reagerte kraftig, seier Eidem.

Ferja tuta

Ho trudde først at båten kom til å slakke på farta fordi ferja fløyta kraftig fleire gongar. Det skjedde ikkje. Sjølv tok ho fram mobilkameraet for å dokumentere det som skjedde.

– Eg er litt sjokkert over at folk er så dum. Dei har jo vikeplikt, seier Eidem. Mannen hennar er sjømann og han blei like forferda over det som skjedde. Dei synest det er ekkelt å sjå at vaksne folk med barn bak på kan oppføre seg slik og tenker på kva som kunne ha gått gale.

Skaper utryggleik

Ferjemannskapet frå Norled stadfestar at dei måtte bruke tyfonvarsling for å gjere fritidsbåten merksam på at dei kom. Dei vil ikkje kommentere hendinga anna enn at dei seier at det er lite hyggeleg at slikt skjer og at det skaper utryggleik for dei som køyrer ferja.

Skipsfører Pål Abrahamsen på RS «Klaveness Marine».

Pål Abrahamsen er skipsførar i Redningsselskapet og han seier det er livsfarleg å krysse framfor ei ferje.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Livsfarleg oppførsel

Pål Abrahamsen er skipsførar i Redningsselskapet. Han seier at slik oppførsel kan vere livsfarleg.

– Det er uforsvarleg å krysse framfor ei ferje eller annan skipstrafikk, seier Abrahamsen.

Eit skip eller ei ferje klarer ikkje stoppe på berre få meter, men treng kanskje 500–1000 meter for å stoppe, ifylgje skipsføraren. Ferja kan heller ikkje manøvrere kjapt unna.

– Det er rett og slett livsfarleg å kome slik i konflikt med nyttetrafikk, seier Abrahamsen. Hans erfaring er at dette er ei vanleg problemstilling spesielt no på sommaren med mange fritidsbåtar ute.

Glad for at det gjekk bra

Linda Eidem prisar seg lukkeleg over at det gjekk bra. Ho har aldri sett liknande, sjølv om ho reiser med ferje kvar veke.

– Dei andre fritidsbåtane eg har sett på ferjestrekningane stoppar og ventar på at ferja skal passere, seier Eidem.