Mange av kommunane med størst økonomiske problem i fjor, har betra situasjonen på grunn av børsoppgangen.
Men fleire av dei er prisgitt børsen, og Madsøy er spent på kva børsen vil vise ved slutten av året.
Ein av tre investerer
Godt over ein tredel av kommunane i Møre og Romsdal har investert i aksjar og fond der verdien følgjer børsen.
Nokre er tungt inne, for andre er det snakk om småpengar medan enkelte kommunar har vore på børs, men seldt seg ut igjen.
Heilsvart ifjor
For dei som satsa mest blei 2002 eit heilsvart år, men dei siste månadene har altså gitt ei vesentleg forbetring.
Madsøy legg ikkje skjul på at det som tel er korleis kommunane blir drivne uavhengig av "ups and downs" på børsen.
Også her er forskjellane store, i løpet av året er Eide, Tustna og Herøy blitt friskmeldt av Fylkesmannen og Madsøy meiner at dei tre kommunane har gjort ein kjempejobb. Ved årsskiftet følgjer truleg Vestnes, Vanylven og Frei etter.
Men det er også store forskjellar fogderia i mellom.
I Romsdal og på Sunnmøre står problemkommunane i kø, på Nordmøre er det berre Gjemnes som ikkje greier å halde seg flytande. Dette er påfallande, meiner Frank Madsøy.
Ålesund er versting
Verstingen er likevel Ålesund som har vore gjennom eit økonomisk uår som saknar sidestykke, og som nettopp har vedtatt 2003-budsjettet etter tredje gongs forsøk.
Vedtaket i juni sende Fylkesmannen i retur, no ventar eit nytt budsjett i posten.