Dei undersjøiske Ålesundstunnelane skal rehabiliterast. Og i natt blei Godøytunnelen stengd. Det blir kolonnekøyring til faste tidspunkt, men vegvesenet ønskjer minst mogleg biltrafikk gjennom tunnelen. Dermed er det sett opp hurtigbåt på strekninga Ålesund-Godøya-Valderøya.
– Dette blir bra
Og for ein start dette blei torsdag morgon. Regnet hølja ned og den harde vinden natt til torsdag skapte stormbølgjer der hurtigbåten skulle gå.
– Eg høyrde at det skulle bli uvêr. Men eg har kledd meg godt. Vinden har spakna og dette blir bra, seier Audhild Dyb. Ho har fått seg ein kopp kaffi og skal på arbeid i Ålesund sentrum.
- Les også:
– Tenkte på uvêret
Dyb reiser til vanleg med bil til Ålesund og er van til å kunne gå tørrskodd heilt heimanfrå til kontorpulten hos Jangaard Export.
– Eg vurderte om eg skulle køyre, men eg høyrde på radioen at båten gjekk og at det gjekk veldig bra. Så då bestemte eg meg for å ta båten eg også.
Kø for kolonne
Ved tunnelen samla det seg store køar med bilar som ville vere med på den neste kolonnekøyringa. Ved 7-tida sto 45 bilar og venta. Og mellom 7.00 og 8.30 er det kontinuerleg kolonnekøyring. Men deretter er tunnelen heilt stengd i mange timar og det blir maks 30 bilar i kvar kolonne.
– Vêret har kanskje gjort at det ikkje blei så veldig mange som reiste med båt på dei første avgangane. Det var kanskje meir behageleg å sitje i bilen, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Fryktar forureining i tunnelane
Statens vegvesen er opptekne av arbeidsmiljøet til dei som arbeider i tunnelane. Dermed vil dei helst unngå for mykje biltrafikk med påfølgjande farleg eksos i tunnelen. Mindre biltrafikk reduserer også faren for påkøyrslar.
– Vi må berre oppmode folk om å bruke båttilbodet. Det er no sytalaust å reise med båt, smiler Birkeland.
I den første perioden skal mykje av installasjonane i tunnelen rivast og fjernast. Alt av lysanlegg, straumforsynet og alt som drenerer vekk vatn skal vekk. Deretter skal det borast og sprengast.
Utbetringa av Ellingsøytunnelen starta 1. november og Valderøytunnelen 29. november.
– Satsar på båten
Statens vegvesen anbefalar å bruke appen eller nettsidene til Fram for å halde seg orientert om rutetidene til den nye båtruta. Det er også utarbeidd eit eige rutehefte for omleggingane i samband med tunnel-rehabiliteringane.
– Eg skal i alle fall reise med båten. No har eg kjøpt meg månadskort, så på meg blir det båt, ja, seier Audhild Dyb.