NRK Meny
Normal

Frir til Stranda

Ei endring av kommunetilknyting vil vere det beste for framtida, viser ei innbyggarundersøking i bygdene Norddal og Eidsdal.

Bygdemøte Eidsdal

Førre veka var innbyggarane i Eidsdal og Norddal samla til bygdemøte.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Rett nok har berre 56 prosent av dei som hadde røysterett i desse bygdene i 2015 deltatt i spørjeundersøkinga.

Til gjengjeld har over 90 prosent av dei som har svart gått inn for ei endra kommunetilknyting.

Sterkast er støtta til ei samanslåing mellom kommunane Stranda og Norddal. Det meiner 55 prosent, medan nesten 30 prosent meiner at ein overgang berre av bygdene Norddal og Eidsdal til Stranda er det beste alternativet.

For mange har det vore eit viktig argument for å endre kommunetilknyting til Stranda å styrke eit allereie godt samarbeid med Geiranger.

Eigen kommune

Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) og Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp)

Partifellane frå Senterpartiet, Norddal-ordførar Arne Sandnes, og Strandas Jan Ove Tryggestad har fått innspel i debatten om kommunestrukturen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ifølge undersøkinga ønskjer berre seks prosent å framleis å vere knytt til Norddal som eigen kommune.

Andre alternativ har vore å bli del av ein landkommune eller ein regionalkommune, men desse alternativa er det dei færraste som har vore med i undersøkinga som ønskjer seg.

Både dersom Norddal vel å halde fram åleine, eller bli ein del av ein landkommune, ønskjer eit fleirtal at bygdene Norddal og Eidsdal skal gå til Stranda kommune. Derimot er det mindre aktuelt å velje Stranda dersom det blir ei samanslåing av Stranda og Sykkylven.

Prosessen

Bakgrunnen er i første instans kommunereforma, og dernest at dei som bur i Norddal og Eidsdal valde ei arbeidsgruppe som skulle sjå på fordelar og ulemper ved ein overgang til Stranda. Dette blei følgd opp med eit folkemøte for ei knapp veke sidan.

Etter folkemøtet har alle innbyggarar folkeregistrerte i bygdene Eidsdal og Norddal kunna røyste på fem ulike spørsmål knytt til kommunetilknyting for dei to bygdene.

Spørjegranskinga hadde som formål å finne ut kva dei som bur i Norddal og Eidsdal meiner om kommunetilknyting for framtida. Den blir grunnlag for arbeidsgruppa sitt vidare arbeid og er også meint som eit innspel til eigen kommune i prosessen vidare.