Hopp til innhold

Frir til fransk selskap

Kristiansund har starta kampen om å bli base for det franske oljeselskapet Total. Ordførar Per Kristian Øyen trur dei ligg godt an.

Per Kristian Øyen
Foto: NRK

Selskapet er operatør for Victoria - det største gassfeltet som førebels ikkje er utbygd på norsk sokkel.

 

Per Kristian Øyen vedgår at dei har sterke konkurrentar. Både Brønnøysund og Stjørdal er med i kampen om å bli base for selskapet.

Fleire operatørar

Det er viktig for oljebyen Kristiansund å knyte til seg fleire operatørar. Frå før er byen base for Shell si drift av Draugen og Ormen Lange og StatoilHydro si drift av Njord. Men Øyen syns ikkje dei kan gi seg med det. 

Total skal halde til i Kristiansund under prøveboringane, og det er ein fordel når det skal avgjerast kvar basen skal ligge når gassfeltet er i produksjon - truleg frå 2016.

Klingande mynt

Dersom selskapet etablerer seg i Kristiansund vil dette generere pengar til fleire bransjar i byen. Både flyplassen, drosjenæringa og hotella vil merke klingande mynt i kassa, trur ordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL