Hopp til innhold

Onkel og bestefar frikjende for overgrep mot 5-åring

Ein onkel og ein bestefar frå Romsdal er i Frostating lagmannsrett frikjende for seksuelle overgrep mot ei 5 år gamal jente. Men mistanken mot dei er likevel så sterk at dei må betale oppreising.

Frostating lagmannsrett

Både bestefaren og onkelen er frikjende for overgrep mot ei 5 år gamal jente. Men begge må betale oppreising.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Frostating lagmannsrett har no frikjent begge mennene for seksuelle overgrep, men samstundes dømt dei til å betale meir i oppreising, fordi retten konkluderer med at dei truleg har forgripe seg på niesa og barnebarnet.

I dommen heiter det:

«Lagmannsrettens fagdommere finner etter en samlet vurdering av bevisføringen i saken at det er klar sannsynlighetsovervekt for at "bestefar" (ein av dei tiltalte, her kalla "bestefar", red anm) og "onkel" (den andre tiltalte) har krenka jenta seksuelt»

Retten har difor heva oppreisingsbeløpet frå tingretten for kvar av dei to frå 150 000 kroner, til 200 000 kroner for bestefaren og 175 000 for onkelen. Sistnemnde har sjølv ei lettare psykisk utviklingshemming, og retten meiner difor han ikkje fullt ut har forstått kva han har gjort.

– Dårlege prognosar

Ifølgje dommen meiner lagmannsretten at det er klart at jenta, som er lettare psykisk utviklingshemma, er påført psykiske og psykososiale skadar. Retten viser til at jenta har typiske symptom som sjølvskading, låg toleranseterskel, utagering, mangelfullt sosialt samspel og depresjonar. I dommen heiter det også at prognosane ikkje er gode.

Frikjende i lagmannsretten

I Romsdal tingrett blei onkelen dømd til fengsel i eitt år og seks månader for seksuell omgang med den då seks år gamle niesa. No er han frikjend. Bestefaren blei frikjend allereie i tingretten, då saka var oppe i fjor sommar.

Tiltalte for grove overgrep

Begge to, far og son, var tiltalte for grove seksuelle overgrep, som ifølgje tiltalen starta då niesa og barnebarnet var fem år gamal.

Tingretten behandla saka allereie i fjor sommar, og frikjende då bestefaren, men dømde onkelen. Onkelen anka, og fredag blei dommen frå Frostating lagmannsrett kjend. Der er konklusjonen at ingen av dei er skuldige i seksuelle overgrep.

Viktige bevis er borte

I dommen frå lagmannsretten kjem det fram at ei madrass med det som kunne vere biologiske spor har blitt borte. Politiet har også sletta bileta som blei tatt av senga under ei ransaking heime hos dei to mennene. "Viktige bevis er derfor blitt borte på grunn av dårlig kvalitetssikring" heiter det i dommen frå Frostating lagmannsrett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL