NRK Meny
Normal

Spjelkavik-saka: Politiet har frigjeve namnet til avdøde

Politiet frigjev namnet på avdøde etter hendinga i ei leilegheit i Spjelkavik i Ålesund denne veka.

Åsted ålesund dødsfall

Kripos kom onsdag til åstaden i Spjelkavik i Ålesund.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Det var 35-åringen Åge Stavran frå Ålesund som miste livet etter hendinga i Spjelkavik denne veka, opplyser Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet opplyser at offentleggjeringa av namnet hans skjer i samråd med dei pårørande. Torsdag er det gravferd i Spjelkavik kyrkje.

Stavran blei tysdag funnen død i si eiga leilegheit ved Øvre Holen i Spjelkavika, etter at naudetatane fekk inn melding om bustadbrann. Same dagen melde politiet at dødsfallet var mistenkjeleg.

Tre menn og ei kvinne er sikta i saka.