Hopp til innhold

Fridde i smoking på 1500 meters høgde

Bjørn Birkevold (33) klarte å lure med både smoking og lakksko då han og kjærasten gjekk til fjellet Slogen (1564 moh.) sist veke. No er det langt fleire enn dei som gler seg over resultatet.

Frieri på Slogen

Bjørn Birkevold hadde planlagt i månadsvis for å fri til Stine Marie Urestad Nilsen på fjellet Slogen. Då han såg at det var åleine på toppen, blei han veldig letta. Dei har fått hundrevis av gratulasjonar etter å ha lagt ut dette spektakulære bildet.

Foto: Mikkel Ranheim

Det var sist onsdag ålesundaren Bjørn Birkevold (33) slo til. Frieriet hadde han planlagt i fleire månader, men venta på at alt skulle klaffe, ikkje minst med vêret. For planen var å gå opp på Slogen, som blir rekna for sjølve dronninga av sunnmørsfjella.

– Eg hadde ein sekk klar der eg hadde rulla smokingen så godt saman som eg kunne, elles ville jo folk spurt meg kvifor eg hadde så mykje i sekken, seier Birkevold og ler.

Bjørn Birkevold skiftar

Medan den komande ektemaken skifta i full fart på Slogen, sat Stine Marie Urestad Nilsen med bind framfor auga. Ho høyrde han kledde av seg, men trudde det heile var del av ein spøk.

Foto: Mikkel Ranheim

Les også:

Trudde det var ein spøk

For etter å ha klatra seg 1564 meter til topps på fjellet Slogen på Sunnmøre, bad han kjærasten, Stine Marie Urestad Nilsen frå Kristiansand, om å lukke auga.

– Eg høyrde at han begynte å kle av seg, og då tenkte eg berre at det var noko tull. Eg slo berre frå meg at det var eit frieri, men forventa at han kom til å stille opp i eit kostyme eller kanskje skulle hoppe i fallskjerm eller noko slikt, ler ho.

Og medan ho sat med auga igjen, tok han av seg dei sveitte treningskleda, leitte fram kvitskjorta, smokingen, sløyfa, lakkskoa – og ringen. Alt medan hjartet hamra i brystet.

Bjørn Birkevold og Stine Marie Urestad Nilsen på toppen av Slogen

For Stine Marie Urestad Nilsen og Bjørn Birkevold blir 20. september 2017 ein merkedag for livet.

Foto: Mikkel Ranheim

– Då eg gjekk opp gledde eg meg, men med ein gong eg begynte å skifte blei eg veldig nervøs, ler han, og seier han har problem med å huske heilt kva han sa då ho endeleg fekk opne auga.

– Eg prøvde å seie noko vettig og kanskje romantisk, og reklamerte for eit ja, seier han.

Les også:

Fekk ja frå den komande bruda

Og ho som no har fått ring på fingeren, var ikkje sein med å svare ja til han som ho har vore kjærast med i fem år. Begge to er legar på legekontoret i Stranda, og det var ein tredje kollega som både spleisa dei to, og som også var fotografen bak det flotte bildet.

– Eg syns det var det beste frieriet, det var veldig kreativt og originalt, det likar eg, seier ho.

Fotografen skjønte ingenting

Heller ikkje kameraten Mikkel Ranheim, som blei spurt om å bli med på fjellturen, forstod kva som var i gjære. I det dei kom på toppen fekk han eit kamera i handa og diskret beskjed om å fotografere. Bildet er no lagt ut på Facebook-sidene til det komande ekteparet, og har fått hundrevis av likes og gratulasjonar.

Eg brukar ikkje å ta bilde, men det var fantastiske omgjevnader og eit fint motiv, så det var nok meir det, enn fotografen, seier Ranheim smålåten.

Han ante ikkje ugler i mosen før kameraten drog fram smokingen.

– Det var veldig fint, det er ikkje alle som får æra av å vere til stades under eit frieri, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL