Femte i Noreg
Forfattarmiljøet i Noreg meiner Molde er ein egna stad for ein eksilforfattar, seier ordførar Jan Petter Hammerø.
Molde blir den femte byen i Noreg som tar på seg å huse ein forfølgd forfattar eller journalist.
Det er Bjørsonsfestivalen som har tatt initiativ til å gjere Molde til friby for forfølgde forfattarar.
– Stort ansvar
Leiar for ytringsfridoms-organisasjonen Norsk P.E.N., Kjell Olaf Jensen, er svært glad for vedtaket i Molde formannskap, men statusen som friby inneber også eit stort ansvar, sier han.
No skal Norsk P.E.N. samarbeie med Molde kommune for å bestemme kven som skal få frihamn i Molde, fortel Jensen.