Fri ferdsel i påska

Tida med kolonnekøyring på dagtid i Godøytunnelen er over. Etter påske blir det ein periode med ferdigstilling- og befaringar på kvelds- og nattestid. I Ålesundstunnelane vil det no vere fri ferdsel til tysdag 23. april. I Godøytunnelen held arbeidet fram til ca. kl. 20.00 i kveld, og deretter blir det fri ferdsel til torsdag 25. april. – Vi kjem attende med meir detaljert informasjon om korleis trafikkavviklinga blir 2. påskedag, måndag 22. april, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.