Hopp til innhold

Frekke tjuvar stakk av med verdisaker for fleire hundre tusen kroner

Politiet etterlyser tips etter eit innbrot i eit bustadhus i Tennfjorden. Eit av sju innbrot på Sunnmøre denne påska.

Innbrudd

ILLUSTRASJONSBILETE: Politiet har meldt om fleire innbrot i påskeveka.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Tjuvane skal ha brote seg inn i huset i Tunteigen i Tennfjord i løpet av denne veka. Først når huseigaren kom heim frå påskeferie blei tjuveriet oppdaga.

Trygve Ødegård, operasjonsleiar, Sunnmøre politidistrikt

Operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Trygve Ødegård, ber om tips frå publikum for å hjelpe dei i etterforskinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ifølgje Trygve Ødegård ved operasjonssentralen for Møre og Romsdal politidistrikt skal tjuvane ha tatt sølvtøy, bunadssølv, smykke, ringar, kamera og andre liknande verdisaker.

– Dei stal verdisaker for fleire hundre tusen kroner, fortel operasjonsleiaren.

Politiet har vore i huset 1. påskedag for å sikre spor i bustaden og snakka med naboar. Tjuvane tok seg inn ved å bryte opp eit vindauge.

– Tjuvane hadde gått gjennom heile huset, og politiet har hatt ein stor jobb med å sikre spor. No ønskjer vi at folk tipsar oss viss dei har sett folk i området den siste veka, seier Ødegård.

Sju innbrot i påskeferien

Politiet har fått inn fleire meldingar om innbrot i påska. Sist natt til søndag melde dei om tjuveri frå to bustader på Valle i Skodje og i ein klesbutikk i Ålesund. Og søndag kveld melde politiet om endå eit innbrot på Sunnmøre. Tjuvar hadde tatt blant anna sølvtøy frå ein bustad i Hjørungavåg. Søndag kveld har politiet fått inn sju meldingar om innbrot i påskeveka.

Operasjonsleiaren fortel at det er vanskeleg å vite akkurat når innbrota har skjedd fordi mange har vore på påskeferie. Politiet oppmodar folk til å følgje godt med i nabolaget når andre er vekke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL