NRK Meny

Frekke tjuvar braut seg inn og stjal safe på Trollstigen

I løpet av natta har tjuvar brote seg inn gjennom eit vindauge på Nasjonal Turistvegs Trollstigen Kafé i Rauma kommune.

Trollstigen kafe

INNBROT: Inn gjennom eit vindauge på Nasjonal Turistvegs Trollstigen Kafe tok tjuvar seg inn natt til torsdag.

Foto: Ottar Rydjord

Artikkelen er mer enn to år gammel.

– Det er utruleg irriterande og sørgeleg, seier Edmund Meyer, dagleg leiar ved Trollstigen Drift AS som driver kaféen.

Det var då dei tilsette kom på jobb i morgontimane at dei oppdaga at noko hadde knust ei rute i kafebygget, og tatt seg inn gjennom den.

Innbrotet skal ha skjedd tidsrommet mellom klokka 22 i går kveld og ni i formiddag.

Lite lønnsamt

Trollstigen kafe

FRUSTRERT: Edmund Meyer er frustrert over innbrotet.

Foto: Ottar Rydjord

Vel inne i kafeen fekk tjuvane med seg ein safe.

– Det var ein kodesafe som ein må ha kode for å låse opp. Til vanleg nyttar vi den til vekslepengar, seier Meyer.

Likevel var det lite dei (den) uvedkommande fekk med seg frå innbrotet.

– Lukka er at den var tom. Dagsomsetninga var fjerna, og det var ingen vekslepengar i safen, seier Meyer.

– Så eg håper dei vart lange i maska når dei opnar den, held han fram.

Frustrert

Trollstigen kafe

SIKRAR: Bygningsarbeidarar sikrar bygningen slik at ingen kan kome seg inn gjennom det knuste vindauget.

Foto: Ottar Rydjord

Innbrotet er det andre for sesongen. Meyer seier han er frustrert over situasjonen.

– Førre gong var det hærverk, knusing av ruter og bord. Denne gongen var det innbrot. Det er utruleg unødvendig, seier han.

– Alle som har opplevd eit innbrot veit den ekkle kjensla det gir. Heldigvis fekk dei ikkje tak i noko av verdiar denne gongen, held han fram.

No håpar han at dei skuldige blir tatt.

– Vi sette opp overvakingskamera på eit tidlegare tidspunkt, så vi vil sjå gjennom opptaket for å hjelpe politiet. No prøver vi å finne ut akkurat når innbrotstjuvane tok seg inn i kafeen, seier Meyer.

Vidare fortel han at dei vil styrke overvakinga for å prøve å beskytte seg mot framtidige innbrot.

– Eg får vell sette opp fleire overvakingskamera, men det er ikkje ein artig situasjon, seier han.

Politiet ynskjer tips i saka.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.