Hopp til innhold

Carlsen signerer for AaFK

Fredrik Carlsen har i dag signert kontrakt med AaFK ut 2013.

Fredrik Carlsen i duell med Godsets Alfred Sankoh

Fredrik Carlsen i duell med Godsets Alfred Sankoh.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Midtbanespelaren har vore utleigd frå Vålerenga sidan han kom til Aalesunds fotballklubb før 2009-sesongen.

Fornøgd Rekdal

Det var ein fornøgd AaFK-trenar som kunne presentere Fredrik Carlsen som fast AaFK-spelar for dei neste tre sesongane. - Fredrik betyr veldig mykje for oss. Han er ein av dei som har starta flest kampar dei to siste sesongane, seier trenar Kjetil Rekdal.

- Han har tatt AaFK og Eliteserien med storm, og har ein spelestil som er viktig å ha i alle lag. I tillegg er han godt likt både av fansen og i spelargruppa. Når det i tilegg er uavklart med spelarar som Johan Arneng og Trond Fredriksen til dømes er det viktig å få på plass Fredrik med tanke på neste sesong, seier Rekdal.

Tillit

Fredrik Carlsen har vore på utlån frå Vålerenga dei to siste sesongane, men no har han altså signert ein avtale som bind han til AaFK ut 2013-sesongen. For han har det vore viktig å få spele mykje på eit så høgt nivå som muleg.

- Eg er berre tjue år og difor er det særleg viktig å få spele fast på eit lag i Eliteserien. I Vålerenga kunne eg fort ha hamna på benken og dermed stagnert.

Carlsen seier at Kjetil Rekdal betyr mykje for han. - Han har hatt trua på meg og gitt meg tillit, difor er eg glad for at Kjetil er her, seier Carlsen.

ikkje unaturleg

Sportsdirektør i Vålerenga Truls Haakonsen seier at dei i utgangspunktet ønskte å hente Carlsen tilbake etter sesongen - Han er ein spelar som ville ha glidd fint inn i troppen vår. Men her ville han ha vore i ein utfordrarposisjon og då er det ikkje unaturleg at han ønsker å halde fram i Aalesund, seier Haakonsen til vif-fotball.no