Hopp til innhold

Fredag er det venta sterke vindkast

Meteorologisk institutt sender ut eit OBS-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag fredag.

Uværet "Ivar"

Fredag er det venta lokalt kraftige vindkast på 25–30 m/s frå søraust.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Allereie torsdag kveld vil vinden byrje å blåse opp i Møre og Romsdal.

Fredag kan det vere lurt å halde godt på hatten. Då er det nemleg venta lokalt kraftige vindkast på 25–30 m/s frå søraust.

– I morgon er det meldt stiv kuling og vi får også svært kraftige vindkast, spesielt midt på dagen. Det er også venta regnbyer i morgon, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Men det skal heldigvis vere kortvarig, fortel meteorologen.

– Byeaktiviteten vil bli mindre utover kvelden, og det same gjeld vindstyrken. Så kanskje blir det eit gløtt av sol også i morgon, seier Skjerdal.

Også laurdag er det venta fint vêr i Møre og Romsdal.

– Det ser ut til å bli rolege vindforhold og stort sett opphaldsvêr og lange periodar med sol. Temperaturane held seg der dei har vore dei siste dagane, og vi kan få opp i mot 11–12 grader midt på dagen laurdag, seier Skjerdal. .

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL